12 innvandrarar startar bedrift - saman

Etableringa av ei ny bedrift i Molde skal komme gründarar over heile Møre og Romsdal til gode.

Skriv ut

Laurdag opnar Catering Hub, som er 12 gründarar fordelt på ni gründarteam. Frå Romsdalsgata 7 i Molde sel dei fleirkulturell mat. Bestillinga skjer på nett, og maten skal hentast som take-away og blir betalt med Vipps.

Opplæringa i entreprenørskap har deltakarane fått gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune/hoppid.no og Entreprenerdy. Fylkeskommunen har ikkje gitt økonomisk bidrag, men flyktningtenesten i Molde får tilgang på fylkeskommunen sitt gründerprogram.

- Konseptet til Catering Hub er å skape ein ny modell for sysselsetting og ein arena for læring, deling av kunnskap og sosial berekraft, seier Anita Zizzari og Miranda Ørke, som begge er prosjektkoordinatorar i flyktningtenesta i Molde kommune.

- Folk i Molde får no tilgang til nye og spennande matrettar som ikkje finst på marknaden i byen, seier Zizzari og Ørke.

Får opplæring

Innvandrarane har fått opplæring i handtering av mat og i drift av forretning. I tillegg har dei fått tilgang til eit utstyrt kjøkken som fyller krava for sal av mat. Opplæringa tar utgangspunkt i utvalde kompetansemål frå vidaregåande opplæring innnafor restaurant- og matfag og sal, service og reiseliv med innovasjon og leiing. 

- Arbeidsløysa blant grupper av innvandrarar er høg i Noreg, og vi ser at gruppa systematisk fell mellom to stolar i møte med norske system. Det er eit kjent problem som treng ei innovativ løysning. For mange er gründerskap løysninga på problemet, og derfor er Catering Hub sitt samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og hoppid.no avgjerande, seier prosjektkoordinatorane.

Sertifisert flyktningteneste

Flyktningtenesta i Molde har, som dei første i Møre og Romsdal, fått ei utvida sertifisering som gründerhjelparar.

- Dei blir ein viktig ressurs for hoppid.no med å fylle ut kompetansen på migrantar og entreprenørskap. Det blir ei stor styrke for Møre og Romsdal, seier rådgivar May Britt Roald i kompetanse og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Satsar som gründar

Samah Mahmoud frå Palestina er ein av deltakarane i Catering Hub. Ho har ein bachelor i businessadministrasjon, og har erfaring frå media og teater. Men etter at ho mista jobben i kommunen grunna innsparingar, satsar ho no som gründar. Ho ser fram til å starte salet:

- Eg lager rettar frå Midt-Østen, særleg frå heimlandet Palestina. Mine rettar er basert på Keto-diett, som inneheld sunt fett og minimalt med karbohydratar, seier Samah Mahmoud.

Endring og innovasjon

Catering Hub vil vere ein pådrivar for samfunnsendring og samfunnsinnovasjon som tar utgangspunkt i fire av berekraftsmåla til FN:

  • Nummer 8; anstendig arbeid og økonomisk vekst
  • Nummer 10; mindre ulikskap
  • Nummer 11; berekraftige byar og samfunn
  • Nummer 17: samarbeid for å nå måla

I regionreforma, som blei vedtatt i Stortinget i juni 2017, har fylkeskommunane fått som oppgåve å tilby etableraropplæring for innvandrarar. Integreringsarbeid har også ei sterk forankring i den vedtatte fylkesplana for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Molde kommune har fått tilskotsmidlar frå IMDI  til utvikling av Catering HUB. Her kan du lese meir om IMDI si ordning «Tilskot utvikling av kommunale intergreringtiltak».

Snarvegar

Kontakt