12 søkarar får ungdomsmidlar
Ungdomspanelet har under sitt møte 23. april nok ein gong delt ut 125 000 kronar til ulike tiltak for ungdom i heile Møre og Romsdal. Kvart år har Ungdomspanelet 250 000 kronar å dele ut, fordelt på kvart halvår. Fristane for å søke er 1.april og 1.desember, og tilskot som stimulerer ungdoms- engasjement samt alternative ungdomsaktiviteter vert særlig prioriterte.
- Ut i frå dei 27 søknadane vi har fått inn ser vi tydeleg at ungdom i Møre og Romsdal er veldig engasjerte, og at mangfaldet er stort. Det er artig å sjå at så mange ønskjer å setje i gang tiltak for unge der dei bor, dessverre er det for oss ikkje mulig å støtte alle med dei beløpa som blir søkt om. Ungdomspanelet hadde nokre harde diskusjonar for å komme fram til kven som skulle støttas ved denne utdelinga, men til slutt verte vi einige om å prioritere flotte tiltak som kan gange mange, og over tid. Dette seier Urte Karanauskaite, leiar i Ungdomspanelet.
Av søknadane som kom inn, var det 12 som fikk bevilga midlar. Det totale søknadsbeløpet for var på over 1 million kroner.
Nestleiar Ole August Iversen synes det er viktig at ungdommen nyttar denne flotte moglegheita som dei unge i fylkeskommunen får to gongar i året til å søkje om midlar, seier han. I år har vi valt å støtte alt i frå utstyr til LAN og musikkverkstad til skredutstyr og aktivitetar på ungdomsklubb.
- Gong på gong viser ungdom i Møre og Romsdal at dei er engasjerte, og at ungdomsmidlane bidrar til å gjere det betre å være ung i Møre og Romsdal. Vi i ungdomspanelet håper at ein ikkje slutter å søke om midlar, sjølv om ein ikkje har fått bevilga noko midlar denne gongen. Det å kunne bidra med økonomisk støtte til ulike formål er noko vi sett stor pris på seier Urte, og avsluttar med å seie at ungdomspanelet ser fram til vinteren 2020 for å dele ut enda fleire midlar til ungdom.
Desse fekk støtte:
Søkar | Søknad | Tildelt |
---|---|---|
Kulturverkstaden - Øvingsloftet | Innkjøp av instrument og øvingsutstyr | 10 000 |
Ungdomsrådet i Hareid | Utstyr til ungdomsklubben på Hareid | 8 650 |
HerøyLAN | Søknad om støtte til innkjøp av nettverks utstyr samt utvidelse av Bumperballs tilbud | 13 000 |
Hjørungavåg KFUK-KFUM | Kjøp av stasjonær lavvo med ildsted | 12 300 |
Molde Svømme- og Livredningsklubb | Materiell til treningsopplegget vårt som ryggstartlist, handpaddles og symjebrett | 11 000 |
Gjemnes Ungdomsklubb | Støtte til fleire arrangement og aktiviteter i ungdomsklubben | 4 000 |
Adelaida Temelloso- Røsok | Gi trening i sjøen for barnehagebarn og barneskolebarn | 5 000 |
DNT Romsdal | Skredkurs og skredutstyr for ungdom | 4 500 |
Elevråd ved Molde Videregående Skole | Innkjøp av biljardbord, bordtennis, kortstokker og sjakkbrett - fritidstilbud for elever | 10 030 |
Rensvik Paintballklubb | Bygging av paintballbane i Sødalen på Frei | 20 000 |
Grimshøgda 4H | Pakke med 11 hengekøyer, 11 underlag og 7 tarp (4x3 meter) | 15 000 |
Kamba | Musikk Musikkutstyr | 11 520 |
Sum | 125 000 |
Kontaktpersonar:
- Urtė Karanauskaitė, leiar i ungdomspanelet, mob. 925 69 071, e-post: xdent@hotmail.com
- Ole August Iversen, nestleiar i ungdomspanelet, mob. 472 17 921, e-post: oleaugustiversen@gmail.com