13,6 mill. kroner til forsking

Kamp mot gråskimmel på jordbær, robothjelp på varelageret, sildemelke som helsekost og digital formidling av kulturarv. Her er lista over kven og kva som får støtte frå Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal.

Skriv ut

Styret i Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal behandla 15. september søknadane til hovudprosjekt som vart lyst ut før sommaren.

Desse prosjekta får støtte til forskingsprosjekt:

SøkarProsjektFoUBeløp
Atlantic LognlineProduksjon og verdiskaping for frosne hvitfiskhoder fra lineflåtenSintef Ocean1 800 000
Currence RoboticsOptimal volumutnyttelse i grossistbransjen med bruk av kunstig intelligensSintef2 100 000
RimfrostNy hydrolyseprosess for krill til humant konsumSintef Ocean1 500 000
Møre og Romsdal fylkeskommuneDigital formidling av kulturarvNTNU Vsm1 900 000
RedoxOzonert vann mot botrytis (gråskimmel) i jordbærNorsøk2 100 000
MøreforskingPilotlinje for kommersiell utnyttelse av sildemelkeMøreforsking700 000
ÅKP/LegaseaEffektiv og bærekraftig utnyttelse av sidestrømsprodukterSintef700 000
Abyss AquaOptimalisering av notvaskoperasjoner (OPTIVASK)Møreforsking700 000
KitinEnergieffektiv og skånsom produksjon av krillSintef700 000
NTNUA Dashboard System for Maritime Crane Condition MonitoringNTNU700 000
NTNUThe impact of sialic acid on growth and infectious diseasesNTNU700 000

 

Så langt i 2020 er det delt ut 25 285 000 kroner til forskingsprosjekt. Ved inngangen av året hadde fondet eit budsjett på 16 mill. kroner. Grunna pandemien har Møre og Romsdal fylkeskommune og Kunnskapsdepartementet løyv ekstraordinære tilskot slik at ramma for 2020 er på 30 mill. kroner. Støttegraden er auka frå 50 prosent til 70 prosent. 

Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal er ei ordning for å styrke forskingsevna i Møre og Romsdal gjennom tilskot til forskingsprosjekt og auka FoU-innsats. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga. 

 

Kontakt