14,8 millionar til bevaring av kulturminne i heile fylket

Slinningbua og Svaneapoteket i Ålesund, eit våningshus i Rauma, Blindheim Cementstenfabrik i Sykkylven og reperbanen i Kristiansund er blant dei 27 prosjekta som får støtte til vedlikehald og istandsetting. 

Skriv ut

Den 9. mars fordelte Kultur-, næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune tilskot til i alt 27 prosjekt frå sør til nord i fylket.

- Vi har støtta prosjekt som vi meiner har ei betyding for regionen eller som har høg verdi for lokalsamfunnet, seier fungerande leiar i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet Joakim Skaar.

- Målet med tildelingane er å bidra til at kulturminne og kulturmiljø får det vedlikehaldet dei treng, og vi ser at behovet for ei slik økonomisk støtte er stort, seier Skaar.

Nytt av året er at fylkeskommunen har fått ansvar for brannsikring av tette trehusmiljø og tekniske og industrielle kulturminne. Fylkeskommunen har også fått utvida ansvar for fartøyvern og forvaltar frå tidlegare tilskot til freda bygg i privat eige og Verdsarvområdet i Geiranger.

- Dette er viktige satsingar for å få eit meir heilskapleg regionalt kulturminnevern, seier Skaar.

Våningshus og reperbane

Det største tilskotet, på i overkant av 2 millionar, går til fartøyet M/B Tafjord som var bygd på Vestnes i 1927, men som hadde sitt hovudvirke i Storfjorden. Dette fartøyet blei også ramma av Tafjordulykka i 1934 og blei då slengt 60 meter opp på land som følgje av tsunamien som kom etter det store fjellskredet.

Slinningbua , Storgata 23 i Ålesund, våningshuset på Nerhole i Rauma og reperbanen i Kristiansund får også store tilskot.

- Spesielt gledeleg er det at det er gitt tilskot til Rimstad kraftstasjons vennelag i Tingvoll til eit moglegheitsstudie. Dette anlegget som er knytt til tekstilindustrien og kvinnehistoria i bygda ville ein rive nokre få år sidan. Dette blei forhindra, og mykje av æra for dette skal ei gruppe unge jenter i bygda ha, seier Skaar

Tildelingane gjeld hovudsakleg overføringar frå ulike tilskotspostar i statsbudsjettet. Vel 10 millionar er direkte tilskot for 2021 medan i overkant av 4 millioner er tilsagn om tilskot for 2022.