140 år gamle steinkvelvsbruer i Geiranger skal forsterkast

Dei fire eldste bruene som enno er i bruk i fylket skal forsterkast til å tole dagens trafikk. Først ut er Flåbrua i 2021, der Møre og Romsdal fylkeskommune skal hauste erfaringar før Holebrua, Gjerdebrua og Kopebrua blir lyst ut i ein samla kontrakt neste år. 

Skriv ut

Alle bruene ligg i Geiranger. Flåbrua er ei 7,4 meter lang steinkvelvsbru frå 1880 som vart utvida i 1959. Ho er freda og kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen har gitt dispensasjon for å gjere forsterkinga. 

Tar vare på historia

- Det er eit spesielt oppdrag. Desse bruene vart bygd før bilen kom til Noreg og representerer ein viktig del av veghistoria vår. Vi skal ta vare på handverket og historia samtidig som vi forsterkar for framtida, seier byggeleiar Lasse Neslein i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Midlertidig bru

Trafikken skal gå på ei midlertidig bru i prosjektperioden. I samband med at ho blir montert og at ho i løpet av prosjektperioden må flyttast, blir vegen stengt to netter. Den midlertidige brua har berre eitt køyrefelt og blir difor lysregulert. 

Entreprenørane har frist til 2. juli med å levere tilbod. Kontrakten inneheld: 

  • Midlertidig sikring av steinkvelvet med stillas
  •  Peling av seks stålrøyr ned til fjell for å sikre den midlertidige brua og mobilkrana som må nyttast. 
  • Bygge midlertidig bru med asfalterte ramper. 
  • Erstatte bruplata med nye prefabrikkerte betongelement og støype kantdragarar for rekkverk. 
  • Svært forsiktig graving og handgraving av lausmassar over steinkvelvet. 
  • Forsterking av steinkvelvet med armert betong. 
  • Nytt rekkverk og asfalt. 

Arbeid frå september

For å hindre turisttrafikken i minst mogleg grad blir det først oppstart i september. 

- Vi har automatisk trafikkteljing fleire plassar i Geiranger og tala viser at trafikktoppen er i juli og august, mens vi nærmar oss vanleg trafikk igjen i september. Vi stiller også krav til at prosjektet seinast skal vere ferdig til mai neste år, seier byggeleiaren. 

Vegarbeid også i 2022-2024

Dei tre neste bruene er planlagt gjennomført fram til våren 2024 slik at turisttrafikken får fri ferdsel i sommarmånadene. Denne kontrakten blir lyst ut neste år. 

Kontakt