165 søkarar fekk krisehjelp frå fylkeskommunen

Gjennom ein fylkeskommunal tiltakspakke for kulturlivet har 165 søkarar fått støtte til nye prosjekt og satsingar og kompensasjon for tapte inntekter i samband med koronapandemien.

Skriv ut

Som einaste fylkeskommune lanserte Møre og Romsdal fylkeskommune i mai ein tiltakspakke med sju støtteordningar for kulturlivet. Tiltakspakken hadde som formål å dempe effekten av koronapandemien i kulturlivet og i alt fekk fylkeskommunen 257 søknadar. No er alle dei 257 søknadene behandla og 22 mill. kroner er fordelt til små og store prosjekt  i heile fylket.

- Det som er viktig for fylkeskommunen er at så mange kulturaktørar som mogleg blir omfatta av tiltakspakken, frå profesjonelle lyd-, lys og teknikkfirma til lokale frivillige lag og organisasjonar, seier Hilde Hernes Hovland, kontorsjef i kulturavdelinga.  

Tapte inntekter og avlyste arrangement

Dei sju fylkeskommunale støtteordningane gav støtte til digital formidling av kunst og kultur, bevaring og restaurering av kulturminne, fartøyvern, skjøtsel av kulturminne, historiske vegar og friluftsområde, samt kompetansehevande tiltak for aktørar innan kulturelle og kreative næringar. Ordningane gav også kompensasjon for tapte inntekter ved avlyste eller flytta arrangement, samt tapte leigeinntekter.

Dei fleste av søkarane søkte på støtteordninga for digital formidling, og om kompensasjon for tapte leigeinntekter og avlyste og utsette arrangement.

- Formålet med dei fylkeskommunale ordningane har vore å redusere og kompensere for skadeverknadane av pandemien, men også å sikre aktivitet og sysselsetting på sikt. Tiltak som er målretta og gjenoppbyggande vil vere viktig i tida framover, fortel Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dokumenter

Kontakt