21 kandidatar frå heile fylket er nominert til Frivilligprisen 2022

Prisen blir delt ut på fylkeskulturkonferansen søndag kveld. Alle dei nominerte er invitert til å delta på festmarkeringa av Frivilligheita sitt år 2022.

Skriv ut

Det er første gong Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut prisen. Kandidatane er nominert av kommunane, og alle nominerte blir invitert til fylkeskulturkonferansen, som i år feirer dei frivillige. Kven som vinn prisen, er hemmeleg fram til festmiddagen, når juryen endeleg offentleggjer resultatet. Tildelinga vil skje under festmiddagen, i Bjørnsonsalen, på Scandic Seilet i Molde.

-  Vi er veldig spente på kven vinnaren er. Kandidatane vi har fått inn, er alle personar som på ulike vis merker seg ut i lokalsamfunna gjennom god frivillig innsats. Konkurransen er hard, og denne prisen heng høgt, seier Rigmor Hustad Holen, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Prisen vil berre blir delt ut i Frivilligåret 2022. Den skal heidre stor frivillig innsats, og går til ein person som har gjort ein stort arbeid for frivilligheita i sitt lokalsamfunn over lengre tid. Eit mål er å skape interesse, engasjement, auke statusen og fremme dei frivillige.

- Med denne prisen vil vi inspirere dei frivillige og vise at vi set pris på dei og kva dei betyr for menneske og samfunn rundt dei, seier Hustad Holen.

Prisen består av eit kunstverk og 30 000,- kroner og er ein del av fylkeskommunen sitt arbeid for å stimulere til mangfald, inkludering og ein nyskapande frivillig sektor.

Her er alle kandidatane og kommunane si omtale av dei nominerte.

 

Gunnar Kolflåth

Aukra

Dirigent og leiar for Aukra barnegospel sidan 1993. Eit inspirerande vesen med smittande humør, levande forteljingar som når eit stort publikum.

Stein Brage Raanes

Aure

Viser eit fantastisk engasjement for Aure og regionen gjennom fleire år. Han har svart belte i frivillig arbeid og har hatt mange frivilligroller mellom anna i Toppidrettsveka, dirigent i Aure musikkorps, Idrettslaget og helselaget.

Bjørg Bergem

Averøy

Bjørg er ei høgt skatta eldsjel i Averøysamfunnet, som har drive med frivillig arbeid på mange arenaer, gjennom fleire tiår. I mange år har ho heilt aleine arrangert julaften for dei som ikkje har nokon å vere saman med. Ho har arrangert 17.mai for heile Averøy i perioden 1980-1990, og er ei av dei største drivkreftene bak Gamle Kvernes Bygdemuseum. Ho legg ned utruleg mange timar i frivillig arbeid og bidreg sterkt til å engasjere og motivere andre frivillige.

Vigdis Susanne Hove Øie

Fjord

Vigdis har vore engasjert i frivillig arbeid i over 40 år. Ho har ei spesiell evne til å få idear sett ut i livet og få fleire med på laget. Ho har vore og er framleis ein stor pådrivar for å skaffe midlar til ulike idrettsanlegg og aktivitetar i Stordal

Geir Sveinung Berg

Gjemnes

Geir har nesten ein mannsalder med frivillig arbeid for å skape eit aktiv lokalsamfunn i Flemma og omegn. Han har mellom anna vore dirigent i Flemma Songlag, rigga lyd og lysutstyr til arrangement i Flemma grendahus, bidreg til arrangement idrettslaget i Flemma har, og har hatt ulike verv.

Arild Grimstad

Hareid

Arild har vore dirigent for fleire kor og har vore lokal pådrivar for Sunnmøre Kammermusikkfestival. Han har eit sterkt engasjement for song og musikk og har også engasjert ei frivillig gruppe som har som målsetting å gjere Hareid sentrum vakrare og trivelegare. I tillegg har han hatt verv i mange lag og foreiningar.

Stig Vestnes

Herøy

Stig er lidenskapeleg opptatt av sport og alltid klar for å gjere ein innsats i idrettshallen. I 2015 var han ein av dei som tok initiativet til å starte opp tilrettelagt handball, Bergsøy United der han også er trenar kvar måndag.

Aina Nautnes

Hustadvika

Aina har ei stor frivilligheit- og dugnadsand. Ho er trenar for Bryns J11 lag, privatsjåfør for fleire av jentene slik at dei kjem seg trygt fram og tilbake frå trening og sosialt samvær. Ho inkluderer også flyktningjenter som kom til kommunen inn i handballgruppa.

Sylvia Bruseth

Kristiansund

Sylvia er initiativrik, kreativ og full av arbeidslyst. Ho brenn for frivilligheita og for Frivilligsentralen og stiller opp til alle arbeidsoppgåver. Ho har stort pågangsmot og eit hjarte av gull

Kristin Lien

Rauma

Leiar i Måndalen Il. Jobbar med store arrangement og sett Måndalen og Rauma på kartet. Er ein stor ressurs som inkluderer og er full av pågangsmot.

Rasmus Johan Indresøvde Ekroll

Sande

Ein stor frivillig ressurs sidan 1967, og særleg som frivillig i Larnes Idrettslag. Er mellom anna dirigent i mannskoret Solblikk og ein pådrivar for utvikling av nærmiljøanlegg og tursti på Larsnes.

Bjørn Ivar Hannasvik

Smøla

Bjørn Ivar er heile Smølas frivilligkonge! Hans engasjement som frivillig innbefatter hele Smøla. Han stiller opp for alle og har en unik evne til å si ja. Mellom anna korps, menighetsarbeid, Fru Guri av Edøy og ungdomsarbeid

Knut Dag Langeland

Stranda

Knut Dag er et typisk JA-menneske og har vært trenar, dommar og leiar i fotballgruppa og idrettslaget. Han har også vert engasjert i teatergruppa, representant i idrettsrådet i kommunen og er kommunestyrerepresentant.

Nils Ulvund

Sunndal

Nils har jobba mykje retta mot flyktningar og innvandrarar. Både privat og gjennom mållaget. Fleire som ser på Nils om ein fars/bestefarsfigur, særleg yngre innvandrarar. Han har arrangert mellom anna kulturvandringar, datakurs, trafikk kurs, språkkafe og andre tiltak med mål om å fremje integrering.

Bernt Idar Gudrunson Bøe

Surnadal

Han har gjennom mange år vore ein aktiv bidragsytar innanfor det frivillige kulturlivet i kommunen. Han er ein av dei utrøytelege!  No legg han ned eit stort arbeid i  lokalhistorie i Bøfjorden Sjøbruksmuseum, og har lagt ned mykje arbeid i dokumentasjon av lokalhistorie.

Solbjørg Varpe Naalsund

Tingvoll

Leiar av Straumsnes Sanitetslag dei siste 15 åra, men aktiv lenge før det. Gjennom sitt gode inkluderande arbeid er Solbjørg med å legge til rette for gode kulturelle verdiar mellom generasjonane i bygda, i kommunen og på tvers av landegrensene

Olav Hansen

Ulstein

Engasjert frivillig på snart 80 år som var med å starte klubben Dimna I.L i 1974. Trener i ei årrekke, dommar, ulike verv i klubben og ein praktikar som ordnar det meste

Olav Høgset

Vanylven

Han har i fleire tiår vore ei engasjert eldsjel i Vanylven, som har bidrege til å spreie song- og musikkglede i bygda si og elles i kommunen. Han har brukt heile sitt vaksne liv i Vanylven på skape glede, på å inkludere i kultur og frivilligheit.

Marianne Lied Sæter

Vestnes

Marianne har lagt ned omfattande arbeid med Ørskogfjell skisenter. Med sin ekstraordinære frivillige innsats og evne til å få med seg mange andre frivillige, sikra drift og utvikling av skisenteret til glede for både store og små innbyggarar på begge sider av Ørskogfjellet. Ho stod også i spisse for ein aktivitetsdag på skisenteret i 2020

Hjørdis Almelid Vikenes

Ørsta

Hjørdis er ei eldsjel! Ho ser menneske og bryr seg om alle kring seg. Ho er aktiv i fleire frivillige lag og organisasjonar og har ein enorm energi og brenn for frivillig arbeid. Ho er likemann, kurshaldar, arrangør, kokk, styreleiar, sekretær og politikar.

Linda Nogva Vedeld

Ålesund

Linda er ei dame med mange jern i elden. Ho instruerer i teater, song og dans på scena. Ho er rå på kostymer, og brukar tallause timar både på kostymer og på fantastiske kulisser. I skulekorpset er ho også ein pådrivar der ho sit i styret og spelar sjølv.

 

Les meir om fylkeskulturkonferansen her.

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.