260 søknadar om støtte til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Møre og Romsdal fylkeskommune har mottatt 260 søknader om spelemidlar og godkjent ein søknadssum på 371 millionar kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - og sendt desse vidare til Kulturdepartementet.

Skriv ut

Etter at dei har fått inn søknadar får heile landet, skal Kulturdepartementet fordele spelemidlar mellom fylkeskommunane i mai. Kor mykje som går til Møre og Romsdal er avhengig av kor stort overskotet i Norsk Tipping er, og kor stor del av dette som skal gå til idrettsanlegg rundt om i landet.

I fjor fordelte departementet om lag 1,43 milliardar kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Totalt var det søkt om 5,96 milliardar kroner.

- Til samanlikning så godkjente vi søknadar for 393 millionar kroner i fjor og fekk tildelt 85 millionar kroner. Det er eit stort gap mellom kor mykje det blir søkt om og kor mykje midlar vi får. Det er eit stort etterslep både i Møre og Romsdal og landet elles, seier rådgivar Hans Roger Tømmervold.

I mai, når midlane frå departementet er tildelt, blir det lagt fram eit forslag om kva anlegg som skal få støtte i kultur-, næring- og folkehelseutvalet. Utvalet gjer vedtak den 8. juni.

Kontakt