390.000 kr til samarbeidsprosjekt i Ørsta, Surnadal og Hustadvika
Eit samarbeidsprosjekt i Møre og Romsdal er løyvd 390.000 kroner frå Miljødirektoratet. Midlane går til å auke kunnskapen om klimatilpassing.
Samarbeidsprosjektet mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren, NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) og dei tre kommunane Ørsta, Surnadal og Hustadvika, er eit pilotprosjekt på landsbasis.
Kulturmiljø og kulturminne blir utsett for hyppigare hendingar av ekstremver. Stigning i havnivå, kraftigare kysterosjon og auka nivå for stormflo vil påverke kulturmiljø og -minne i utsette område langs kysten og under vann.
Vil styrke kunnskapsgrunnlaget
Som eit resultat ønsker Møre og Romsdal fylkeskommune å styrke kunnskapsgrunnlaget og arbeidet med ROS-analysar og planlegging av tilpassingstiltak for kulturmiljø i fylket. I prosjektbeskrivinga skriv fylkeskommunen blant anna dette om bakgrunnen for søknaden om midlar:
«God kjennskap til kulturmiljøenes tilstand, sårbarhet og risiko for skader er en forutsetning for å kunne ivareta kulturmiljø og iverksette nødvendige tilpasningstiltak. I dag er kunnskapen om klimaendringenes konsekvenser for mange kulturmiljø mangelfull, og det er usikkerhet knyttet til hvordan forvaltningen på best mulig måte kan tilpasse seg endrede klimaforhold. Manglende tilstandsvurderinger og risiko- og sårbarhetsanalyser (ROS-analyser) kan føre til at nødvendige tiltak ikke blir gjennomført, eller at det gjennomføres tiltak som øker risiko og sårbarhet.»
Tre kulturmiljø inngår i prosjektet
Tre ulike kulturmiljø i fylket er plukka ut til å inngå i prosjektet - kvar med sine respektive klimautfordringar:
- Det tette trehusmiljøet på Surnadalsøra i Surnadal kommune
- Setermiljø i Ørsta kommune
- Kystmiljø i Hustadvika kommune
Prosjektet vil kunne bidra til erfaringsutveksling og å utvikle ein arbeidsmetode og praksis for korleis ein best kan jobbe med kulturmiljø og klimatilpassing - også til nytte for andre kommunar og fylke.
- Mykje å vinne på å vere tidleg ute
Det er Miljødirektoratet som har tildelt midlane, og direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro, seier at klimaendringar kjem sterkare framover og treff mange ulike område.
- Det er mykje å vinne på å vere tidleg nok ute i arbeidet med klimatilpassing, seier Hambro i ei pressemelding.
Miljødirektoratet løyvde til saman 6,4 millionar kroner til 19 prosjekt over heile landet.
Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.