4,7 millionar kroner til friluftsliv

Fylkespolitikarane fordelte nyleg 4,7 millionar kroner til ulike friluftslivsformål. 

Hundsvær-Tyskholmen og Borgundgavlen i Ålesund, Julneset i Molde og Kvalvika fort i Kristiansund er blant prosjekta som har fått midlar. 

Skriv ut

- Pengane er fordelt både til friluftslivsanlegg, og til tiltak og arrangement som skal bidra til at fleire driv med friluftsliv, seier Joakim Skaar - fungerande leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Dette er midlar som kjem i tillegg til spelemidlar. 

Anlegg og aktivitet 

Ca tre millionar kroner av desse går til å  utvikle statleg sikra friluftsområde. Her har mellom anna Hundsvær-Tyskholmen og  Borgundgavlen i Ålesund, Julneset i Molde og Kvalvika fort i Kristiansund fått midlar.  

- Dette er midlar som kjem frå Miljødirektoratet og desse kan brukast til å legge til rette i område som er sikra til friluftsformål. Dette kan for eksempel vere tiltak som opparbeiding av turstiar og parkeringsplassar, utbetring av badeplassar og bygging av toalett, fortel Skaar 

1,71 millionar kroner er tildelt tiltak som stimulerer direkte til friluftslivsaktivitet.  Pengane har gått til turarrangement, friluftsleirar, kurs og liknande i regi av friluftsråd, frivillige lag og organisasjonar. 

Fleire turgåarar gir betre folkehelse 

I tillegg vil fylkeskommunen utover våren også fordele kr 500 000 til ulike enkle tilretteleggingstiltak som skilting, merking, og tilrettelegging av kulturminne og friluftslivsområder.  

- Å kombinere turar med kulturminneattraksjonar kan gi turopplevingane ein ekstra dimensjon og få enda fleire ut. Det er også viktig at folk har tilgang på turmoglegheiter i nærleiken av der dei bur. 

- Det å få fleire til å gå meir på tur, er eit av dei enklaste og viktigaste tiltaka for ei betre folkehelse. Fylkeskommunen vil derfor også støtte prosjekt som har som mål å legge til rette for turløyper i nærleiken av bustadsområde. Det skal bli stadig enklare og meir attraktivt for folk i Møre og Romsdal å gå på tur i kvardagen, seier Skaar. 

Sjå oversikt over kven som har fått støtte i vedlagte dokument.

Dokumenter

Kontakt