42,1 mill. ekstra til kommunale næringsfond i Møre og Romsdal

Som eit ekstraordinært tiltak som følge av koronapandemien har Stortinget løyvd 600 mill. kroner til kommunale næringsfond. Av desse går 42,1 mill. kroner til Møre og Romsdal, og fylkesutvalet vedtok i møte 23. juni fordelinga mellom kommunane.

Skriv ut

Dette ekstraordinære tiltaket skal hjelpe kommunane med å få opp aktivitet, sysselsetting og verdiskaping hos lokale bedrifter.

Korleis skal kommunane forvalte desse midlane?

-Midlane skal gå til utviklingsprosjekt i bedrifter eller til andre næringsretta tiltak kommunane meiner er viktige for å motverke dei negative konsekvensane av koronasituasjonen. Tilskot skal ha betydning for utvikling i sysselsetting, verdiskaping og økonomisk aktivitet, seier ass. regional- og næringssjef Eivind Vartdal Ryste.

- Men det er avgjerande at tildeling frå kommunale næringsfond blir vurdert opp mot andre støtteordningar som bedriftene kan søke på. Dei to viktigaste er hoppid.no-midlane (gründermidlar) og virkemidlane til Innovasjon Norge, seier Ryste.

Midlertidig forskrift

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ei midlertidig forskrift om kommunale næringsfond. Så lenge krava i denne er oppfylt kan kommunane også legge eigne prioriteringar og retningslinjer til grunn, seier Ryste.

Fylkeskommunen har overført pengane til kommunane og sendt brev med utfyllande informasjon.

Fordeling kommunale næringsfond 2020

KommuneNæringsfond tildelt 2020, kroner
Kristiansund2 325 823
Molde2 435 301
Ålesund3 997 953
Vanylven1 288 863
Sande1 262 795
Herøy2 018 667
Ulstein2 005 594
Hareid1 870 644
Ørsta1 595 163
Stranda1 544 735
Sykkylven1 968 001
Sula1 734 960
Giske1 701 262
Vestnes1 624 568
Rauma1 461 763
Aukra1 304 440
Averøy1 395 003
Gjemnes914 471
Tingvoll930 207
Sunndal1 089 596
Surnadal1 045 248
Smøla895 436
Aure949 361
Volda1 781 175
Fjord1 266 292
Hustadvika1 692 680
Møre og Romsdal42 100 000

Ubrukte midlar vil kunne overførast til 2021

Grunnlaget for fordelinga:

  • 50 %: grunnbeløp på 810 000 kroner til alle
  • 25 %: fordelt etter innbyggartal
  • 25 %: fordelt som tillegg til kommunar med høg arbeidsløyse

 

Snarvegar

Kontakt