5,7 millionar i koronastøtte til kulturlivet
Det er klart for nye stimuleringsordningar for kulturlivet i Møre og Romsdal. No kan profesjonelle, frivillige, og aktørar som jobbar med kulturarv i reiseliv og kulturelle og kreative næringar søke om tilskot frå ein sum på 5,7 millionar kroner.
Ordningane er oppretta for å bidra til å redusere dei økonomiske og driftsmessige konsekvensane pandemien har på kulturfeltet.
- Pandemien legg framleis ein dempar for aktivitet i kulturlivet. For å sikre eit aktivt og godt kulturliv i Møre og Romsdal legg vi no fram nye stimuleringsordningar, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fire ordningar
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut fire ulike ordningar for å skape aktivitet i kulturlivet:
- Stimuleringsordning for det frivillige kulturlivet
- Stimuleringsordning for det profesjonelle kulturlivet
- Stimuleringsordning for kulturarv og reiseliv i Møre og Romsdal
- Stimuleringsordning for nyskaping og bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar i Møre og Romsdal
Desse har som mål å skape aktivitet, bidra til produksjon og formidling, stimulere til næring basert på kulturarv og økonomisk verdiskaping innan kulturelle og kreative næringar. Saman skal dei bidra til meir aktivitet innan dei ulike kulturfelta.
Søknadsfristen er 17. juni. Søknadsskjema er på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside.