500 soner kan bli til sju
Møre og Romsdal er det fylket i Noreg med flest soner for bussreiser. No foreslår fylkeskommunedirektøren å redusere talet på soner frå 500 til sju.
Fylkestinget har bedt fylkeskommunedirektøren greie ut ny takst- og sonestruktur for kollektivtrafikken i fylket. Målet er å auke talet på reisande.
I dag har Møre og Romsdal ein avstandsbasert sonestruktur med seks-kilometers soner. Dette er krevjande å administrere, og gjer mellom anna at FRAM må tilby langt fleire typar billettar enn fylker med færre soner. For kundane kan det vere vanskeleg å orientere seg om takstreglar, soner og billettprodukt.
Møreforsking har utarbeida ein rapport som ser på korleis ei større endring i sonestruktur og ulik prising kan påverke talet på reisande. Med bakgrunn i kunnskapsgrunnlaget frå rapporten, tilrår fylkeskommunedirektøren å redusere talet på soner frå over 500 til sju, og innføre ein prismodell som har ein grunnpris for éi sone og eit påslag for dei neste sonene den reisande er innom.
Første politiske behandling av saka blir i eldrerådet 22. mai. Deretter skal den i mai og juni innom både rådet for personar med nedsett funksjonsevne, ungdomspanelet, samferdselsutvalet og fylkesutvalet, før endeleg behandling i fylkestinget 19.-21. juni.
Ei framtidsretta forenkling
FRAM samarbeider med andre aktørar i Noreg i det offentlege mobilitetssamarbeidet (OMS) om å utvikle nytt billetteringssystem. I saksframlegget peiker fylkeskommunedirektøren på at det gjennom dette utviklingsarbeidet har kome tydeleg fram at det er teknisk krevjande å handtere mange og små soner. Den teknologiske utviklinga av billettsystemet vil bli tilpassa fleirtalet av mobilitetsaktørar, og det vil ha høge kostnadar for fylket å skreddarsy løysingar for ein sonestruktur med over 500 soner.
Kundeperspektivet
Ifølge fylkeskommunedirektøren vil færre og større soner gjere det enklare for kundane å forstå prisinga av billettar, og velje den billett-typen som er mest gunstig for dei. I vurderingsnotatet til saka utdjupar ho: «Det er ikkje nødvendigvis sonene som her er utfordringa, men tal produkt FRAM må ha grunna alle sonene.». Med ny sonestruktur vil FRAM kunne forenkle produktporteføljen og i tillegg til enkeltbillett berre ha desse periodeprodukta:
- Periodebillett buss 30 dagar
- Periodebillett buss 7 dagar
- Periodebillett 24 timar
- FRAM Ung
- FRAM Student
- FRAM Vaksen Buss+Båt
På sikt vil det også bli mogleg, med bakgrunn i ny sonestruktur, å tilby fleksible billettløysingar som er meir tilpassa kundane sine behov.
Soner
Møreforskingsrapporten skisserer eit sonekart som føljer tidlegare kommunestruktur. I vurderinga av ny sonestruktur har fylkeskommunedirektøren berre gjort mindre justeringar som ikkje fører til at den økonomiske risikoen endrar seg vesentleg. Sonekartet som er foreslått ser slik ut:
Oversikt over sonene som er foreslått:
Søre Sunnmøre: Vanylven, Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy og Sande
Indre Sunnmøre: Stranda, gamle Nordal, gamle Stordal og Sykkylven
Ålesund: Ålesund, Giske, Sula, gamle Ørskog og Haram
Molde: Vestnes, gamle Midsund, Aukra, gamle Molde, gamle Fræna, gamle Eide
Romsdal: Rauma og gamle Nesset
Kristiansund: Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Tingvoll
Nordre Nordmøre: Sunndal, Surnadal, Aure, Smøla
Kva vil billetten koste?
I det alternativet for sonestruktur som fylkeskommunedirektøren tilrår, vil billettprisane i ein ny prismodell vere på dette nivået i 2023-kroner:
Sone | Pris enkeltbillett | Pris månadskort |
1 | 44 | 650 |
2 | 88 | 1300 |
3 | 132 | 1560 |
4 | 176 | 1560 |
5 | 221 | 1560 |
6 | 265 | 1560 |
7 | 265 | 1560 |
I dag er prisen for enkeltbillett i éi sone 41 kroner. For at kostnaden med å innføre ny sonestruktur ikkje skal bli for høg, vil prisen for ei reise i éi sone bli 44 kroner med ny struktur. Det vil altså bli dyrare å reise innanfor éi sone med enkeltbillett, men området for denne sona blir langt større enn dagens sone. I tillegg vil mange reiser som går over fleire soner og reiser med periodebillett bli rimelegare.
Ein periodebillett for 30 dagar vil koste 650 kroner for éi sone i ny prismodell i 2023-kroner med eit pålegg for sone 2 og 3. Prisen for tre soner vil vere maksprisen for ein periodebillett med buss.
Kostnadar
Endringa i sonestruktur vil gje ein reduksjon i inntekter på om lag 6 mill. kroner årleg for FRAM, men varigheita av inntektsreduksjonen kjem an på kva tid dei positive og langsiktige effektane av soneomlegginga slår inn. Totalt sett for fylket vil ny sonestruktur gi fleire reisande.
I første omgang gjeld tilrådinga berre for buss, og fylkeskommunedirektøren tilrår at reiser med hurtigbåt beheld same pris- og sonestruktur som i dag.
Fylkeskommunedirektøren set som føresetnad at dei midlertidige meirkostnadene ved innføringa av ny sonestruktur skal dekkast innanfor eiga ramme, under føresetnad av gjennomført reduksjon som skildrast i saka «FRAM Omstilling 2024».