7,9 mill. kroner til marine prosjekt
Prosjekt for konservering av tang og tare, blåskjellvekst, digital tvilling for prosessanlegg og interkommunal sjøarealplan er blant prosjekta som får støtte frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond.
Saka vart behandla i kultur-, næring- og folkehelseutvalet den 26. oktober. Desse prosjekta fekk støtte:
- Ålesund kommune: inntil 1 800 000 kroner til prosjektet «Interkommunal sjøarealplan for Sula, Giske og Ålesund kommunar».
- Møreforsking: inntil 1 322 667 kroner til prosjektet «Berekraftig konservering og prosessering av dyrket tang og tare i Møre og Romsdal».
- Møreforsking: inntil 1 349 388 kroner til prosjektet «Bioteknologi-verktøy for bærekraftig utvikling av marine ressurser og helserelatert forskning i M&R».
- Møreforsking: 300 000 kroner til prosjektet «Mussel growth and filtration in relation to salinity and food conditions - Completion of a PhD study».
- SINTEF Ålesund: inntil 1 156 000 kroner til prosjektet «PD finansiering digitale tvillinger for prosessanlegg SINTEF Ålesund»
- SINTEF Ocean: inntil 2 000 000 kroner til prosjektet «Avansert infrastruktur for marin ingrediensindustri til Møre og Romsdal».
Midlane vart lyst ut 1. mars med søknadsfrist den 1. september.
Midlar frå fondet skal brukast til satsingar i marin sektor som er i tråd med økonomiplan og forskings- og innovasjonsstrategi for næringslivet i Møre og Romsdal.
Formålet er å fremme ei berekraftig utvikling og auka verdiskaping i marin sektor i Møre og Romsdal. Den marine sektoren i Møre og Romsdal består for konsern og bedrifter innan fiskeri, havbruk, foredling og marine ingrediensar, leverandørar av tenester og utstyr, og praksisnær forsking og utdanning.