85 millionar til idrettsanlegg i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler 85 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg i 2019. Det er over fire millionar kroner meir enn i fjor, og den største spelemidelpott nokon gong i Møre og Romsdal.

Skriv ut

Saka blir behandla i kultur- og folkehelseutvalet onsdag 12. juni. Her finn du forslaget til fordeling av spelemidlane 

–Talet på søknader og den samla søknadssummen viser at det er stort behov for midlar til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, seier seksjonsleiar Rigmor Hustad Holen.

113 søknader med positiv tilråding

–Møre og Romsdal har i år den 6. høgste tilskotsramma av dei 18 fylka i landet. I alt 252 spelemidelsøknader kom inn, og av desse vart 212 godkjent. Samla anleggskostnadar er på nærmare 1,9 milliardar kroner. Fylkesrådmannen tilrår tilskot til 113 av søknadene, fortel Hustad Holen.

Tilrådinga er mellom anna basert på politiske prioriteringar, innspel frå kommunane, og anbefalingane frå fylkesanleggsrådet, som ligg under Møre og Romsdal idrettskrets.

Fortsatt ventetid

Årets spelemidelpott er den største nokon gong i Møre og Romsdal. Dette heng saman med rekordstort overskot i Norsk Tipping, og at søknadssummen i Møre og Romsdal aldri har vore høgare. Det siste fører til at etterslepet aukar, etter som gapet mellom søknadssum og sum til fordeling er større enn i fjor.

–Den tilrådde tilskotssummen utgjer om lag 23 prosent av den godkjente søknadssummen totalt i fylket. Dette gjer at den såkalla innvilgingsprosent er fire prosent lågare enn i fjor. Derfor går ikkje ventetida på å få spelemideltilskot ned i år, seier rådgivar Hans Roger Tømmervold.

Stor variasjon i type anlegg

Det er stor variasjon i både type anlegg og geografisk spreiing av anlegga i forslaget frå fylkesrådmannen. Mellom anna er Arena Nordvest (ishallen i Kristiansund), ein fotballhall i Hareid, Brynhallen i Fræna, eit skateanlegg i Sula og tursti langs Batnfjordselva i Gjemnes på lista over tilrådd tilskot.

-Dei største anleggskategoriane, målt i søknadssum, er idrettshallar, svømmeanlegg og fotballanlegg. Søknadssummen til desse kategoriane utgjer nærmare 80 prosent av den totale søknadssummen i fylket. Det er søkt om tilskot til i alt 17 anleggskategoriar, avsluttar Tømmervold