92 prosent av elevane fekk oppfylt ønske om utdanningsprogram

Etter andreinntaket til vidaregåande skole har alle søkarar med ungdomsrett no fått tilbod om skoleplass, men ikkje alle har fått det første ønsket sitt oppfylt. Dersom det blir ledige skoleplassar, er det dei vidaregåande skolane som no gir tilbod til dei som står på ventelistene.

Skriv ut

Av alle som har søkt vidaregåande skole, har i snitt 92 prosent av søkarane fått oppfylt sitt første ønske på utdanningsprogram/programområde. Fordelt på nivå har 88 prosent på Vg1, 93 prosent på Vg2, og 98 prosent på Vg3, fått tilbod om førsteønsket sitt. Dette gjeld utdanningsprogram/programområde, men ikkje skoleønske.

Nokre ungdommar har blitt tatt inn på skolar dei ikkje har søkt på.

Inntaksstatistikk som blant anna viser snittkarakterar fordelt på utdanningsprogram og skolar blir klart i løpet av september.

Kva er ungdomsrett?

Ungdom som har gjennomgått grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til vidaregåande opplæring, den såkalla ungdomsretten. Ungdomsretten gjeld ut skoleåret som begynner det året eleven fyller 24 år.

Søkaren har rett til skoleplass i det fylket han eller ho bur i, men ikkje rett til plass ved ein bestemt skole.

Kontakt