Årets bedrift vart heidra av fylkestinget

Måndag  gratulerte fylkestinget Norsol AS som mottakar av fylkesprisen Årets bedrift 2020.

Skriv ut

Leiar i kultur, næring og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter, leste opp juryen si grunngiving for fylkestinget og til Vegard Nekstad, dagleg leiar i Norsol AS:

-Norsol er ei solid familiebedrift som har hatt ei positiv økonomisk utvikling over tid. Bedrifta har ein tydeleg miljøprofil, har investert i ny teknologi og satsa på å utvikle produkt med ein gjennomgåande miljøprofil.

Sjølve prisen, ein statuett, vil bli delt ut til bedrifta på Tingvoll ved eit seinare høve.

Norsol AS er ei av landets leiande solskjermingsbedrifter med hovudkontor og fabrikk i Tingvoll kommune og salsapparat over heile Noreg. Bedrifta sysselset om lag 65 personar på heil tid i tillegg til deltidstilsette.

Møre og Romsdal fylkeskommune kårar kvart år Fylkesprisen Årets Bedrift. Prisen skal gå til ein bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg i året som har gått. I år kom det inn 42 forslag til kandidatar, noko som er rekord.

Kontakt