Årets fylkeskulturkonferanse set langlysa på kulturpolitikken
Brenn du for at kunst, kultur, idrett og friluftsliv skal vere eit gode for alle som bur i Møre og Romsdal? Meiner du at kulturpolitikken er heilt sentral for utviklinga av gode lokalsamfunn? Bli med på årets fylkeskulturkonferanse!
Temaet for årets fylkeskulturkonferanse er lokal og regional kulturpolitikk. Kvifor skal vi ha ein kulturpolitikk? Korleis utviklar vi kulturpolitikk? Og påverkar ekspertane sitt inntog i utforminga av kulturpolitikken rammene for god og demokratisk styring? Dette er nokre sentrale tema i årets konferanse, som blir arrangert i Molde 24.-25. mai.
Kulturen skjer lokalt
Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, viser til Stortingsmelding 18, som definerer nasjonal kulturpolitikk som summen av lokal, regional og statleg kulturpolitikk.
- All kultur skjer lokalt. Ein sterk nasjonal kulturpolitikk krev derfor at kommunal sektor har ein tydeleg uttalt kulturpolitikk, basert på politisk engasjement og eit godt kunnskapsgrunnlag. Vi håpar at årets fylkeskulturkonferanse kan bidra til å løfte kulturpolitikken opp og fram.
2023 er valår, og det påverkar temaet for årets konferanse. I tillegg skal dei nyvalte kommunestyra og fylkestinget vedta nye plandokument som viser fram ambisjonane og strategien for kultursektoren. At staten har forventingar til kommunal sektor på kulturområdet, kjem tydeleg fram i den reviderte kulturlova som no er ute på høyring.
På dag ein skrur konferansen på det kulturpolitiske langlyset – og spør blant anna kvifor det er viktig å jobbe for ein sterk og tydeleg kulturpolitikk.
Elisabeth Sørfjorddal Hauge frå Oxford Research, Line Anni Solbakken i Kommunenes Sentralforbund (KS) og Kristine Persdatter Miland frå Telemarksforsking skal belyse temaet. Valanalytikar Svein Tore Martinsen følger opp med ein kulturpolitisk samtale med dyktige deltakarar.
Manglar ambisjonar, eller?
Elisabeth Sørfjorddal Hauge sjefsanalytikar i Oxford Research, skal presentere resultatet av ei undersøking gjennomført blant 5137 politikarar, i innlegget Kulturfeltet i kommunesektoren – manglande politiske ambisjonar? Eller?
- Det blir spennande å få resultata frå Møre og Romsdal, seier rådgivar Mona Fluge i Mørenog Romsdal fylkeskommune.
Vi spør om ekspertane sitt inntog i offentleg politikkutforming svekkar den demokratiske styringa, med innlegg frå Arve Hjelseth, professor i idrettssosiolog.
Konferansen bygger på det utvida kulturomgrepet, og begge dagane er det parallelle seksjonar, med fagleg påfyll og inspirasjon. Tema for desse er idrett, friluftsliv, folkehelse, kulturarv, publikumsutvikling og kunst- og kulturtilbod til barn.
- Vi håpar at mange ønskjer å delta på årets konferanse. I tillegg til kommunalt tilsette og politisk leiing , håpar vi at konferansen blir oppfatta som ein interessant og relevant nettverksarena for alle dei som utgjer den store kultursektoren i Møre og Romsdal, avsluttar ass kulturdirektør Christine Reitan.
Påmeldingsfrist er 12. mai.