Årets regionbyggar 2021: Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal

- Ungt entreprenørskap legg ned ein solid innsats for barn og unge. Dei bidrar til å bygge regionen og til å utvikle framtidas næringsliv,  seier fylkesordførar Tove-Lise Torve om prisvinnaren.

Skriv ut

Torve delte ut prisen til organisasjonen under nyttårskonferansen i dag, 21. april. Lars Øyvind Baltzersen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap, tok i mot prisen.

I følge juryen bidrar Ungt entreprenørskap til å forme framtida for regionen gjennom ungdom og entreprenørskap:

- Organisasjonen jobbar innovativt med ei inkluderande arbeidsform som engasjerer og inkluderer mange både i privat næringsliv og virkemiddelapparatet i tillegg til ungdommene selv. Ungt Entreprenørskap gir barn og unge rom for skaperglede og mestringsfølelse, heiter det i juryen sin uttale.

Prisen Årets regionbyggar går til ein person, organisasjon, bedrift eller offentleg aktør som har utmerka seg på ei enkeltsak eller over tid som ei samlande kraft i fylket – eller har tatt spesielt initiativ som bygger Møre og Romsdal saman.

Det er andre gong prisen blir delt ut. I 2021 gjekk prisen til Stikk-UT!

Nyttårskonferansen blir arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med kommunane i fylket, Statsforvaltaren og andre statlege aktørar.

Snarvegar

Kontakt