All busstrafikk i Molde blir påverka av filminnspelinga

Skal du ta buss til eller frå Molde sentrum torsdag og fredag mellom klokka 17.00 og 23.30, bør du sjekke kor du kan gå av eller på.

Skriv ut

Årsaka er at fleire vegar i Molde sentrum blir sperra under innspeling av filmen «Gulltransporten» på kveldane torsdag og fredag denne veka. Og då må bussane køyre andre vegar enn normalt.

Det får konsekvensar, både for dei reisande med buss, og for trafikantane og bebuarar i sentrum, som får busstrafikk der det normalt ikkje går buss:

- Sjekk reiseplanleggaren på vår nettstad frammr.no. Der vil det ligge informasjon på kvar enkelt bussrute som blir omfatta av innspelinga, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM.

Her er litt informasjon om kvar enkelt rute som filminnspelinga får følger for (NB: Gjeld torsdag 28. april kl. 17.00-23.30 og fredag 29. april kl. 17.00-23.30):

  • Rute 100 FRAM Ekspress Ålesund-Molde-Kristiansund: Køyrer ikkje til Molde trafikkterminal. Sørgåande køyrer direkte i ferjekøa, nordgåande har avgang frå ferjekaia.
  • Rute 902 FRAM Ekspress Surnadal-Molde: Køyrer til Molde trafikkterminal via Øvre veg og Kirkebakken. Køyrer same trasé ut av byen – ikkje via ferjekaia.
  • Rute 701 Årølia-Molde-Djupdalen: Vestgåande køyrer til Molde sentrum via Øvre veg og Kirkebakken – og vidare i vanleg trasé. Køyrer ikkje til trafikkterminalen, men stoppar på RØD. Austgåande stoppar ved Moldetorget i kryss Kirkebakken-Myrabakken. Vidare Kirkebakken-Øvre veg-Frænavegen-Moldegårdsvegen, snur i rundkøyringa ved Roseby og vidare i vanleg trasé.
  • Rute 702 Hatlelia-Bergmo-Nordbyen: Køyrer Gørvellalléen frå sjukehuset/Hatlelia, ned Myrabakken og vidare opp Kirkebakken-Øvre veg-Frænavegen-Moldegårdsvegen og vidare i vanlig trase. Til sentrum via Øvre veg, Sandvegen, ned Myrabakken, opp Kirkebakken og til Hatlelia via Kirkebakken, Øvre veg og Parkevegen.
  • Rute 703 Hatlelia-Granlia-Nordbyen: Køyrer Gørvellalléen frå sjukehuset og ned Myrabakken. Videre Kirkebakken-Øvre veg-Frænavegen-Moldegårdsvegen, snur i rundkøyringa ved Roseby og vidare i vanlig trasé. Til sentrum via Myrabakken og Kirkebakken-Øvre veg til sjukehuset.
  • Rute 714 Molde-Kleive: Snur på Rådhusplassen. Avg. frå Rådhusplassen og opp Kirkebakken-Øvre veg-Frænavegen-Moldegårdsvegen og videre vanlig trasé.
  • Rute 420 FRAM Ekspress Molde-Åndalsnes (togbuss): Køyrer inn til Molde trafikkterminal via Øvre veg-Kirkebakken-Storgata. Retur etter same trasé. NB: Køyrer ikkje via ferjakaia.
  • Rute 531 Molde-Jendem-Malmeskiftet og 561 Aukra: Kjører inn på Molde trafikkterminal. Retur direkte opp i Storgata.
  • Rute 532 Elnesvågen-Molde: Køyrer inn til Molde trafikkterminal via Øvre veg-Kirkebakken-Storgata. Retur direkte opp i Storgata.

Snarvegar

Kontakt