Alt du treng å vite for å søke skoleplass i 2023-2024
Skal du søke vidaregåande opplæring? Veit du kva du vil søke på? Les meir om dei ulike utdanningsprogramma og om kva som er nytt for neste skoleår
Kvart år, i god tid før søkefristen, presenterer vi utdanningstilboda på vidaregåande i fylket. Noko er endra frå i fjor, noko er nytt, men du finn det meste som er verdt å vite om å søke skoleplass i dette heftet.
Nytt i år
Du får tilleggspoeng
Går du på eit studieførebuande programområde, på vg 1 eller vg 2, kan du no få tilleggspoeng til neste trinn på same skole viss det er førsteønsket ditt. Det vil gjere det lettare for deg å rykke opp og fullføre utdanningsløpet på same skole.
Endringar i toppidrett
Det blir endringar i det som heiter Studiespesialisering med toppidrett. No kan du søke på Molde vgs, Ålesund vgs og Volda vgs og søke om tilrettelegging fordi du satsar på toppidrett. Etter søknadsfristen vil du får tilsendt søknadsskjema om utvida tid.
Helse og oppvekstfag med studiekompetanse
På Romsdal vgs kan du no søke om Helse- og oppvekstfag med studiekompetanse, 3-årig. Passar for deg som planlegg å studere etter vidaregåande, men også har lyst til å jobbe med menneske i vidaregåande opplæring.
Treteknikk
På vgs i Romsdal, Tingvoll og Ørsta startar vg2 treteknikk, som bygger på vg1 Bygg- og anleggsteknikk. Du vil lære å utvikle og produsere produkt med tre, lage og lese arbeidsteikningar og bruke ulike typar verktøy, maskiner og utstyr.
Medieproduksjon
Tilbod om Medieproduksjon Vg2 ved Ålesund vgs bygger på vg1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Lær om innhaldsproduksjon, mediedesign og medieteknikk og få kompetanse til å formidle gjennom teknologi, kommunikasjon og design.
Programma tar tre år og gir rett til å studere vidare på universitet og høgskolar. Dette er Studiespesialisering, Musikk, dans og drama, Idrettsfag, Medier og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur. Vel fordjuping innan realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.
Vel du yrkesfaglege utdanningsprogram, får du yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev. Det finst ti yrkesfaglege utdanningsprogram. Du kan du også få vidare opplæring og oppnå studiekompetanse.
Når du søker Vg1, vel du eit utdanningsprogram. Det viser kva utdanning du ønsker å ta. På Vg2 og Vg3 vel du programområde, som er ei spesialisert retning eller fordjupning innanfor utdanningsprogrammet.
Har du fullført ungdomsskole har du rett til tre års fulltid vidaregåande opplæring. Denne ungdomsretten gjeld ut det skoleåret som begynner det året du fyller 24 år.
Ungdomsretten er knytt til utdanningsprogram, ikkje skole. Det betyr at dersom du ikkje konkurrerer deg inn på ein skole du har søkt, vil du få tilbod på eit utdanningsprogram du har søkt eller er kvalifisert til, men på ein annan skole. Det er derfor viktig at du set opp fleire skoler på kvart utdanningsprogram når du søker.