Arbeid med å styrke byane og tettstadene i fylket får gode tilbakemeldingar

By- og tettstadutvikling har over fleire år vore eit viktig innsatsområde for Møre og Romsdal fylkeskommune. Sentralt i arbeidet står to særskilte satsingar: tettstadutviklingssatsinga «Tettstadprogrammet» og byutviklingssatsinga «Byen som regional motor». Begge desse ordningane er no evaluert, og tilbakemeldingane  er gode. Evalueringane blir presentert for fylkesutvalet på måndag. 

Skriv ut

- Eit viktig funn i begge evalueringane er at støtta frå fylkeskommunen har gjort det lettare for kommunane å prioritere arbeid med by- og tettstadutvikling. Arbeid med å gjere sentruma våre meir attraktive og levande er viktig både for dei som bur her, og for at vi skal trekke til oss og halde på innbyggarar og næringsliv, seier fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.

Du finn begge rapportane som vedlegg til saka.

Tettstadprogrammet har bidratt til å skape varige verdiar

Evalueringa av Tettstadprogrammet viser at tilskot frå fylkeskommunen gjer det enklare for kommunane å prioritere utviklingsarbeid og realisere konkrete prosjekt som til dømes torg og møteplassar i sentrum.  Kommunane peikar og på at det er  spesielt verdifullt at ordninga gir tilgang på utviklingskompetanse frå fylkeskommunen. Tilbakemeldingane frå kommunane er at tettstadprogrammet har bidratt til å skape varige verdiar.

Byen som regional motor har styrka samarbeid mellom byane

Evalueringa av «Byen som regional motor» viser at prosjektet har vore viktig for kompetanseheving om byutvikling, og prioritering av byutviklingstiltak i bykommunane. Vidare har prosjektet vore viktig for å styrke samarbeid om utviklingsprosjekt både mellom bykommunane og internt i kvar enkelt by. Det er eit unisont ønske frå bykommunane om at bysatsinga må fortsette. I det vidare arbeidet vil det vere sentralt å styrke samarbeidet mellom bykommunane, innbyggarar, næringsliv og akademia.

Eit godt grunnlag for vidare arbeid

Parallelt med evalueringane er det gjort ei berekraftkartlegging i alle kommunane i fylket.

- Saman med berekraftkartleggingane som er gjennomført i alle kommunane i fylket, har vi no eit godt grunnlag for målretta vidare arbeid med berekraftig by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal, seier leiar for berekraftsatsinga i fylkeskommunen, Ole Helge Haugen.

Både evalueringane og berekraftrapporten for heile fylket blir presentert i møtet i Fylkesutvalet mandag 28. juni frå kl. 10.30 
 

Dokumenter

Kontakt