Audmjuke MMC-leiarar mottok prisen «Årets bedrift 2022»
MMC First Process fekk måndag tildelt prisen «Årets bedrift 2022». Selskapet seier heideren er ei stor anerkjenning av jobben som tilsette gjer.
Det var HR-sjef Merete Alnes Mostue og finansdirektør Kristian Framstad i MMC som tok imot prisen. På vegner av alle tilsette takka Framstad for anerkjenninga:
- Vi er utroleg stolte og audmjuke for å få tildelt prisen når vi veit kor mange dyktige, innovative, store selskap som er i regionen vår. Det er ei stor og solid anerkjenning av det tilsette gjer i selskapet, for den jobben dei gjer og dei gode ambassadørar dei er for oss. Det er ei stor ære å ta imot ein slik pris, og det inspirerer til å halde fram med å ta samfunnsansvar og ha eit stort engasjement i å utvikle havbruksnæringa vidare, sa Framstad til fylkestinget.
Suksess for oss alle i fylket
Det var leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter, og fylkesordførar Line Hatmosø Hoem som delte ut prisen. Krogsæter sa i sin tale at som ei bedrift som er basert i vår region, er MMC First Process sin suksess også ein suksess for heile Møre og Romsdal.
- Deira bidrag til sysselsetting, økonomisk vekst, teknologisk utvikling og miljøbevisstheit er verkeleg verdsett og fortener anerkjenning, sa Krogsæter.
Verdsleiande posisjon
MMC First Process er ein leiande leverandør av utstyr til handtering, prosessering og kjøling av sjømat, og har oppnådd ein verdsleiande posisjon på dette området. Med løysingar som er utvikla for brønnbåtar, pelagiske båtar, pelagiske prosessanlegg og landbasert oppdrett, har verksemda eit breitt kundespekter over heile verda, frå Nordsjøområdet og Europa, til Asia og Sør-Amerika.
- Det er ikkje berre dei imponerande økonomiske resultata som gjer MMC First Process til ein verdig vinnar av denne prisen, men også deira sterke fokus på teknologiutvikling, innovasjon og berekraft. Bedrifta legg stor vekt på å minimere miljøpåverknaden av si verksemd, og har utarbeidd ein eigen berekraftsrapport for å dokumentere miljøprofilen til bedrifta, sa leiar av kultur-, næring- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter.
MMC First Process har hatt ein imponerande vekst i driftsinntekter og -resultat, og har dobla inntektene frå 2020 til 2021 frå vel 0,5 mrd. kroner til over 1 mrd. Bedrifta har 226 tilsette der 216 er tilsett i Fosnavåg og Skodje.