Auka beredskap på fylkesvegane

Det er gjort førebuingar for å lede vatn vekk frå vegane og frekvensen på inspeksjonar av fylkesvegane er auka. Driftsentreprenørane har alt mannskap og utstyr tilgjengeleg for å løyse utfordringar knytt til ekstremvêret Gyda. 

Skriv ut

Meteorologisk institutt og NVE har sendt ut farevarsel om store nedbørsmengder, vind og mildvêr. Det kan føre til flaum, skred, vanskelege køyreforhold og stengte vegar i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune har tett dialog med driftsentreprenørane og med andre beredskapsaktørar og følgjer situasjonen svært nøye.

- Vi vil på det sterkaste oppmode folk om å tenkje seg godt om i dagane framover. Om du ikkje må ut på vegane, er det best å halde seg heime. Om må du ut bør du førebu deg godt, også på at vegen du køyrer kan bli stengt før du skal heim, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Her finn du trafikkinformasjon

  • Vegtrafikksentralen har alltid oppdatert informasjon om vegane på www.175.no
  • Oppdaterte trafikkmeldingar for fylkesvegferjene på www.frammr.no.

Meld frå

Det er over 3000 km fylkesvegar i Møre og Romsdal. Sjølv om inspeksjonar av vegane blir intensivert, er det viktig at trafikantar som oppdagar tette stikkrenner, oversvømte bekkar og vatn inn mot vegane melder frå om det til Vegtrafikksentralen på tlf. 175.

- Vegtrafikksentralen er bemanna døgnet rundt og varslar vidare til driftsentreprenøren for området det gjeld, slik at dei får sikra vegen og begrensa skadane, fortel fylkesvegsjefen. 

SMS-varsling på vegar utan omkøyring

Møre og Romsdal fylkeskommune har SMS-varsling for stengte vegar der det ikkje finns omkøyring og bygder blir isolerte. Dei som er folkeregistrert innanfor desse vegane får varsel automatisk, andre interesserte må melde seg på via mrfylke.no/sms. 

Det blir varsla med SMS på desse strekningane:

  • Fv. 5829 Otterdal, Volda kommune
  • Fv. 5891 Fyrde-Straumshamn, Volda kommune (påmeldingsvarsel)
  • Fv. 5892 Leira-Viddal, Volda kommune
  • Fv. 5897 Dalsfjorden, Volda kommune
  • Fv. 5926 Norddalsstranda, Fjord kommune
  • Fv. 5928 Fjørå-Tafjord, Fjord kommune
  • Fv. 63 Eidsdal-Geiranger, Fjord og Stranda kommunar
  • Fv. 655 Norangsdalen, Stranda og Ørsta kommunar
  • Fv. 6012 Øverås-Eikesdal, Molde kommune
  • Fv. 6142 Gjøra-Hafsåsen (Fjellgardsvegen), Sunndal kommune 

 

Kontakt