Aukar tryggleiken på omkøyringsveg for Remmetunnelane

Samferdselsutvalet har vedtatt fleire trafikktryggingstiltak på fylkesvegen mellom Slyngstad og Brattvåg, som blir omkøyringsveg når Remmetunnelane i Ålesund kommune blir stengt for oppgradering.

Skriv ut

Tunnelane blir heilt stengt i fem månader når dei skal oppgraderast for å tilfredsstille krava i tunnelsikkerheitsforskriften, og høgda i tunnelane blir auka frå 4 til 4,6 meter. Prosjektet blir lyst ut i marknaden i haust.

Kostnaden er estimert til om lag 6 millionar kroner og tiltaka er valt med omsyn til kva som er realistisk å gjennomføre før Remetunnelane blir stengt.

Dette er trafikktryggingstiltaka:

  • Flytte og sikre gangfelt over fylkesvegen i Søvika
  • Ny oppmerking av kant- og midtlinjer der det er behov
  • Skilte skarp kurve ved Hildre kyrkje
  • Siktrydding i kurver og kryss
  • Siktrydding i kurver og kryss
  • Skilte møteplassar
  • Forsterka vinterdrift

Møre og Romsdal fylkeskommune har i tillegg foreslått å senke fartsgrensa frå 70 til 60 på ei strekning på om lag 350 meter sør for sentrum i Søvika og på 1,3 km mellom Gamlem og Bjørnøyvegen. Forslaga er oversendt til Statens vegvesen, som er skiltmynde.

Det er gjennomført ei fagleg vurdering av trafikktryggleiken på fylkesvegen mellom Slyngstad og Brattvåg. I rapporten er det også tilrådd andre meir omfattande tiltak som kan vere aktuelle på eit seinare tidspunkt. Desse tilrådingane blir tatt med i arbeidet med framtidige prioriteringar av trafikktryggleikstiltak på fylkesveg.

Kontakt