Auke i talet på godkjente lærekontraktar i Møre og Romsdal

I 2019 blei det godkjent 1342 lærekontraktar i Møre og Romsdal. Det er det høgaste talet godkjente lærekontraktar som nokon gong har vore registrert i fylket. Det har vore ei jamn auke i talet sidan 2016.

Skriv ut

Satsinga på yrkesfag både nasjonalt og lokalt bidreg til at fleire går ut i lære. Samtidig er det ungdommar i fylket som ikkje får seg læreplass. I løpet av våren vil mange av årets skoleelevar trenge ein læreplass. Vi håpar lærebedriftene vil hjelpe dei med å fullføre utdanninga si, og samtidig få mulegheiten til å forme sin eigen fagarbeidar.

Auke i lærekontrakter