Aure kommune kan bli sjølvforsynt med elektrisitet
Med å etablere fornybare kraftprosjekt kan Aure kommune dekke heile det elektriske forbruket i kommunen. Det er godt nytt for eit fylke som er på veg inn i ein alvorleg kraftsituasjon.
- Prognosane viser at vi om få år har ein eigenproduksjon i fylket på berre 50 prosent av forbruket av elektrisitet, seier Bengt Endreseth, leiar for energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det var under Energidagen i Aure tysdag at prosjektet Kystkraft – ny fornybar produksjon presenterte arbeidet så langt. Prosjektet i regi av ON Ocean Network i Kristiansund kan skape modell for korleis vi kan avdekke og mobilisere satsinga på fornybar energi i kommunane i fylket.
Aure er pilotkommune
Aure kommune er pilot for Kystkraft, og her har ein avdekt fornybar kraftprosjekt som svarer til heile det elektriske forbruket i kommunen; cirka 290 GWh.
Prosjektet Kystkraft – ny fornybar produksjon er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune (450.000 kr), Aure kommune (250.000 kr), Tjeldbergodden Utvikling (150.000 kr) og Equinor (150.000 kr). Gjennom programmet Skaparkraft rettar fylkeskommunen fokus på fornybar energi.
Fekk ros av energiministeren
Olje- og energiminister Terje Aasland innleia Energidagen frå storskjerm, og han roste arbeidet som er gjort så langt.
- Eg trur Aure kommune er på rett spor når dei no inviterer næringsaktørane til ein møteplass som dette. Det er jo næringsaktørane som har mykje av kompetansen, og dei som skal gjennomføre prosjekta, sa Aasland.
Sjå heile innleiinga her:
For Møre og Romsdal fylke er det viktig at nye tiltak blir fasa inn raskt, seier Bengt Endreseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Møre og Romsdal er eit av dei fylka i Noreg som har dårlegast kraftbalanse, det vil seie forholdet mellom eigenproduksjon og forbruk. Vi må gjere to ting samtidig, og vi må gjere det så snart som mogleg: Fase inn tiltak for å redusere energibruken og tiltak for å auke kraftproduksjonen, seier Endreseth.
- Må handle raskt
Han understrekar behovet for å handle raskt:
- Møre og Romsdal er eitt av fylka i Noreg med dårlegast kraftbalanse. Samtidig ser vi at nærmare 70 prosent av kraftforbruket i fylket blir brukt til kraftintensiv industri. Møre og Romsdal er eksportfylke nummer ein og avhengig av tilgang til kraft og til fornuftige prisar også i framtida. Kraftsituasjonen er noko av det næringslivet er mest opptatt av for tida, seier Endreseth.
Formålet med energidagen var å spreie informasjon om korleis ein kan gå fram og kva som kan oppnåast ved småskala energitiltak.
Potensialet i Aure
Foreløpig potensial i Aure kommune, som ikkje krever konsesjon, ifølge Kystkraft – ny fornybar produksjon:
Type | GWh | |
ENØK | 30 | Ref. statistikk NVE mm. |
Sol tak/gråareal | 105 | Ref. Multiconsult |
Vannkraft | 89 | Ref. kartlegging |
Gårdsvind | 1 | 70 små vindmøller 25 kW |
Industrivind | 22 | 10 mellomstore 900 kW |
Bio | 42 | (under arbeid) |
Sum | Ca. 290 GWh |
|