Averøy vart GNIST-kommune
I hard konkurranse med kommunar frå heile landet, er Averøy kommune valt ut som éin av fem til å bli GNIST-kommune 2023.
Av 23 søkarar, er Averøy blant dei som er silt ut til eit innovasjonsprogram for kommunane i regi av DOGA og Nordic Edge. Prosessen går over omtrent 12 månader. DOGA er ein del av regjeringena sitt virkemiddelapparat for innovasjon og verdiskaping.
Programmet er retta mot kommunar som vil jobbe for berekraftig stads- og næringsutvikling i lokalsamfunnet, med utgangspunkt i lokale utfordringar, moglegheiter og behov
- Å bli GNIST- kommune gir oss ein unik moglegheit til å drive innovativ stads- og næringsutvikling. Vi får tilgang på kunnskap og kompetanse vi ikkje har klart å mobilisere aleine. Og så blir det steike artig, seier Ragnhild Sophie Berthinussen, rådgivar i Averøy kommune.
Fylkeskommunen har vore støttespelar for Averøy i konkurransen.
- Samarbeidet vårt med fylkeskommunen har vore alfa omega. Ein ting er den økonomiske støtta, den er viktig og avgjerande, men vel så viktig er fagleg sparringspartnar, rådgiving og heiagjeng. Vi er svært takknemlege for å ha fylkeskommunen med på laget, seier Berthinussen.
Averøry har gjennom GNIST jobba med å gjenopprette kulturminnet Varde som berekraftig samfunnsinnslag. Varde er ei av dei største trebygningane på Nordmøre, og er lista som eit kulturminne av regional verdi av Møre og Romsdal fylkeskommune. Huset er bygd i 1920; 1.700 m2 fordelt over fleire etasjar, på 4 mål tomt. Gjennom caset Varde ønsker dei å utfordre det offentlege og det private på samskaping.
Grete Kongshaug, rådgivar i fylkeskommunen, har fulgt deltakinga i GNIST, og er svært glad for at Averøy nådde opp.
- Vi er veldig glad for at det heldt heilt fram for Averøy. No får både vi og Averøy tilgang til mykje kunnskap om by - og stedsutvikling som DOGA sit på, og gjennom GNIST får vi jobba enda tettare i hop, seier Kongshaug.