Bedrifter og kommunar kan søke om tilskot til fagbrev for tilsette
Har du tilsette som ønsker å ta fagbrev – på fagfelt som bedrifta di har bruk for? Søk Møre og Romsdal fylkeskommunen om tilskot – og gi bedrifta di eit kompetanseløft.
Formålet med tilskotsordninga er at fleire personar får tatt nytt fagbrev, anten dei har fagbrev frå før, eller ikkje – og styrke kompetansen både i privat og offentleg sektor.
- Vi ønsker å gi bedrifter og kommunar drahjelp til å møte dagens eller framtidas kompetansebehov. Dette vil vere vinn-vinn: Verksemda får styrka kompetansen på feltet dei har behov for, samtidig som den tilsette får formalisert kompetansen sin og får fleire bein å stå på, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Slik fungerer det:
Bedrifter og kommunar kan søke om 65.000 kroner per kandidat som ønsker å ta nytt fagbrev. Midlane blir utbetalt til den som søker, og kan brukast til å dekke utgifter som kjem i forbindelse med fagbrevet.
Den tilsette må ha godkjent studie- eller yrkeskompetanse i botn og teikne ny lærekontrakt. Han eller ho kan ha fagbrev frå før, men ha ønske om å utvide fagfeltet sitt.
Ordninga erstattar ikkje eksisterande ordningar, men kjem i tillegg til lærlingtilskotet alle bedrifter med lærlingar får.
Søknadsfristen er løpande fram til 1.12.2022.