Bedrifter som tar inn lærling kan no søke om stimuleringstilskot

For å hindre at ungdommar står utan læreplass, kan bedrifter i fylket no søke om ekstra tilskot dersom dei tar inn lærling.

Skriv ut

Utbrotet av koronaviruset har ført til at lærlingar har blitt permitterte, og at ikkje alle har fått seg læreplass. Møre og Romsdal fylkeskommune har fått 9,6 mill. kr som skal bidra til å avhjelpe situasjonen.  

Tilskotet skal mellom anna gå til bedrifter som blir godkjent som lærebedrift og tar inn lærling, lærebedrifter som aukar inntaket av lærlingar og lærebedrifter som overtar ein lærling frå ein permitteringssituasjon. Midlane gjeld i hovudsak for hausten 2020, og blir tildelt løpande.

- Eg oppfordrar bedriftene til å ta inn lærling! Du kan forme din eigen fagarbeidar, og sikre framtidig arbeidskraft til bedrifta di. Eit ungt, friskt sinn kan bidra til nytekning og gjere bedrifta meir framtidsretta. I tillegg tar du eit samfunnsansvar ved å satse på lærlingar. Vi manglar framleis læreplassar, så vi håpar at både næringslivet og det offentlege kan vurdere å ta inn ein ekstra lærling, seier seksjonsleiar Bjørnar Loe i fylkeskommunen.

Les meir om søknad om tilskot her.

Kontakt