Ber om gratis buss i Ålesund i to månader

Samferdselsutvalet vil ha gratis buss i to månader i Ålesundsområdet i samband med innføring av bypakke og bompengar. Målet er å få fleire til å køyre kollektivt.

Skriv ut

Utvalet vil at kampanjen med gratis buss skal gå føre i tidsrommet 22. august til 22. oktober, og skal gjelde Ålesund byområde, Giske og Sula, samt bussruta frå Digerneset til Ålesund.

Saka skal vidare til fylkesutvalet og fylkestinget for endeleg avgjerd.

Eineståande moglegheit

I samferdselsutvalet tysdag blei det gitt uttrykk for at tidspunktet for kampanjen, som dei vil skal starte samtidig som det blir innført bompengar i Ålesund, er ein eineståande moglegheit til å få fleire til å velje kollektivtransport.

Kostnaden på inntil ti millionar kroner skal dekkast av driftsfondet, meiner samferdselsutvalet.

Fleirtalet på åtte i utvalet ville ha gratis buss i to månader. Mindretalet på fem ville ha 50 prosent rabatt i tre månadar.

Utvalet vedtok også at ei liknande kampanje kan vurderast i samband med bypakke Kristiansund og eventuelt ei kampanje i Molde.

Nedgang under pandemien

Fylkeskommunedirektøren hadde til møtet foreslått 40 prosent rabatt. Bakgrunnen er blant anna at kollektivtrafikken i fylket har mista mange passasjerar under pandemien. Talet på ordinære busspassasjerar var om lag 4 millionar i 2021, ein nedgang på 32 prosent samanlikna med 2019. Også på hurtigbåtane har talet på passasjerar gått ned; i 2021 var det i underkant av 300.000 passasjerar, ein nedgang på 35 prosent samanlikna med 2019.

I mars 2022 er talet på reiser med buss i Møre og Romsdal på om lag 89 prosent av 2019-nivå. Tala kan tyde på at vi er på veg tilbake etter koronapandemien, men det framleis er usikkert kva nivå det endar på. Det er passasjerar som betalar med enkeltbillett som FRAM har mista flest av under pandemien.

Bortfallet av reisande er størst for ordinære kollektivreisande.

Her er vedtaket

Her er vedtaket frå samferdselsutvalet tysdag:

  1. Fylkesutvalet tar rapport om «Kva skal til for fleire kollektivreiser» til orientering.
  2. Fylkesutvalet ber om at det blir gjennomført ein gratis kampanjebillett i 2 mnd. i tidsrommet 22.08-22.10.2022 i sonene 300-310,314, 320-322 i Ålesund pluss ruta frå Digerneset til Ålesund. Kostnaden, inntil 10 mill. kr blir å dekke frå driftsfond.
  3. Fylkesutvalet ber administrasjonen arbeide vidare med ei mogleg dobling av frekvensen på FRAM Ekspress mellom Kristiansund og Molde. Konseptet skal analyserast nærare, og optimaliserast for sjukehuset. Tiltaket skal bli vurdert innarbeidd i økonomiplanen for 2023-2026, og settast i drift seinast ved opninga av fellessjukehuset.
  4. Fylkesutvalet ber om fylkeskommunedirektøren kjem tilbake med detaljerte analyser i område for område, for å sjå på moglegheita for å optimere kollektivtransportsystemet både når det gjeld tilbod, takst og nye mobilitetsløysingar. Aktuelle analyser skal inngå som ein del av økonomiplanprosessen.
  5. Fylkesutvalet ber om at ei liknande kampanje kan vurderast i samband med bypakke Kristiansund og eventuelt ei kampanje i Molde.

Snarvegar

Kontakt