Ber regjeringa løyve ekstra til investeringar i landbruket
Det er kø hos Innovasjon Norge. Fylkesutvalet ber derfor regjeringa løyve ein ekstraordinær pott investeringsstøtte til landbruket, for å unngå at dei som ser ei framtid i næringa skal bli bremsa.
Fylkesutvalet meiner pengane skal gå til Innovasjon Norge, som har stor pågang frå bønder som vil satse, men som ikkje har nok midlar til å vere med på utviklingstakta og -behovet i landbruket i Møre og Romsdal.
Fylkeskommunedirektøren hadde til møtet i fylkesutvalet uttrykt ei uro for situasjonen i landbruket i Møre og Romsdal. Heile Innovasjon Norge si ramme for 2021 er brukt opp på 47 prosjekt, og 37 saker med ein samla søknadssum på 30,5 millionar kroner kan ikkje bli behandla i år. «Dersom Møre og Romsdal skal behalde ein livskraftig jordbruksproduksjon, så trengst det difor pengar til å realisere fleire av dei prosjekta Innovasjon Norge har ståande i kø og på veg inn», ifølge saksframlegget.
Smertegrense
Fylkeskommunedirektøren ser behovet for å behalde og utvikle ein berekraftig norsk matproduksjon. Men han åtvarar mot ei effektivisering som skal gi større og færre bruk: «Møre og Romsdal er eit fylke med naturgjevne føresetnader for grasproduksjon, godt tilpassa for produksjon av mjølk og kjøt, men i eit landskap med mange små, og gjerne bratte jordlappar. Det gjer at ei effektivisering i form av stadig større og færre bruk vil nå ei smertegrense, både økologisk og økonomisk. Dersom jordbruket i Møre og Romsdal skal behalde og utvikle sin del av det norske jordbruket, må det leggast til rette for at det vert mogleg å investere og drive lønsamt også på dei små og mellomstore bruka. Akkurat no er det faktisk mange bønder som ønsker å gjere investeringar for framtida, men som ikkje får sjansen fordi Innovasjon Norge ikkje har rammer til å innvilge fleire søknader», skriv han.
Her er vedtaket i fylkesutvalet 26. oktober:
- Møre og Romsdal fylkeskommune ser med stor bekymring på at sjølforsyningsgraden i Noreg går ned og at Møre og Romsdal sin del av matproduksjonen frå jordbruket i Noreg går ned. Auka krav til matberedskap tilseier at sjølforsyningsgraden må aukast.
- Stor etterspørsel etter investeringsstøtte hos Innovasjon Norge viser at mange bønder vil satse på ei framtid som matprodusentar i jordbruket i Møre og Romsdal.
- For å behalde og utvikle matproduksjonen i Møre og Romsdal må Innovasjon Norge difor snarast bli tildelt auka rammer, som gjer det mogleg å behandle dei prosjektsøknadane som ligg på vent fordi årets pott er brukt opp.
- Møre og Romsdal fylkeskommune ber regjeringa snarast løyve ein ekstraordinær pott investeringsstøtte til landbruket, som vert fordelt på fylka og forvalta av Innovasjon Norge.
- Frå 2022 og i åra framover må investeringsverkemidla aukast kraftig for å støtte dei investeringane som trengst for å fylle nye krav til dyrevelferd i mjølkeproduksjonen frå 2024 og 2034, og andre krav til dyrevelferd for alle artar og for både konvensjonell og økologisk drift.
Investeringsmidlane må også stimulere til ombygging og tilpassing av eksisterande bygg, som vil gje lågare kostnader og redusert miljøavtrykk. Løysingar som produserer energi og reduserer klimagassutslepp bør prioriterast (t.d. solenergi og biogass). Det må løyvast investeringsmidlar både til bygg og beitetiltak og til teknologi som støttar drifta på mindre og mellomstore bruk. - For matproduksjonen i Møre og Romsdal er det avgjerande at rammevilkåra vert utforma slik at investering og drift er mogleg også for små og mellomstore bruk, basert på lokale fôrressursar.