Ber regjeringa unngå at toggodset blir flytta over på 10.000 lastebilar permanent
Fylkesordføraren i Møre og Romsdal ber samferdselsministeren få på plass jernbanebru over Lågen så snart som mogleg.
- Godstogtransporten på Raumabanen har på årsbasis erstatta 10.000 lastebilvogntog gjennom Romsdalen og Gudbrandsdalen. Dersom ei jernbanebru over Lågen ikkje snarleg kjem på plass, står vi i fare for at godstransporten på Raumabanen forsvinn heilt. Då må godset over på E136/E6 og på dei mange tusen vogntoga. Det vil vere alvorleg både for trafikksikkerheit, klima og miljø, seier fylkesordførar Line Hatmosø Hoem i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I eit brev til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård gir ho uttrykk for bekymring for både kortsiktige og langsiktige konsekvensar av brukollapsen på Ringebu, og ber Samferdselsdepartementet om å få på plass jernbanebru over Lågen så snart som mogleg.
Ho har merka seg at regjeringa har signalisert at det skal etablerast ei kompensasjonsordning for togselskapa som er råka av kollapsen av Randklev bru. I brevet til samferdselsministeren ber ho regjeringa konkretisere kva kompensasjonsordninga for togselskapa vil innehalde, for å sikre ein meir føreseieleg situasjon for togselskapa og deira kundar.
Fylkesordføraren skriv at det også hastar med andre type utbetringstiltak på strekningane Rauma- og Dovrebanen for å redusere sårbarheita på traseane og auke kapasiteten for meir gods: «Fylkeskommunen ber om at regjeringa i ny Nasjonal transportplan set av meir pengar til å betre kapasiteten og redusere sårbarheita på strekningane», skriv fylkesordføraren.
Neste år blir det feiring av at Raumabanen er 100 år.
- Då vil det vere eit skår i gleda om vi ikkje har godstog gjennom Romsdalen, seier fylkesordføraren.