Ber sjåførane ta ansvar for å bremse utviklinga

Samferdselstoppar i Møre og Romsdal er tydeleg: Skal vi få ned talet på ulykker på norske vegar, vil mykje avhenge av sjåførane.

Skriv ut

- Hovudårsaka til dei høge dødstala i trafikken skuldast ikkje bilen. Det er heller ikkje vegen. Men det dreier seg om sjåføren og sjåføren sine val, seier fylkesvegsjef i Møre og Romsdal, Ole Jan Tønnesen.

I ein kronikk publisert midt i førre månad (lenke opnar i ny fane) peika han på sjåførane sitt ansvar, og oppmoda dei som sit på i bilen om å seie i frå når sjåføren opptrer uansvarleg: «Dere kan utgjøre forskjellen på om junidagen fortsetter å være lys og bekymringsløs eller blir svart og fylt av sorg», skreiv han.

- Still opp, sjåførar

Kristin Sørheim er leiar av samferdselsutvalet i fylket, som også er trafikktryggingsutval. Ho er sterkt uroa over dei mange trafikkulykkene i sommar. På vegner av utvalet ber no alle sjåførar om å stille opp for å unngå fleire ulykker:

- Målet er at vi ikkje skal ha fleire alvorlege trafikkulykker i sommar. Vi har ingen å miste, seier ho.

Både vegsjefen og utvalsleiaren meiner kampanjen som Statens vegvesen no har sett i gang har eit heilt riktig fokus, nemleg sjåføren.

- Det er stort sett opp til oss sjåførar om det skal gå bra, seier Kristin Sørheim.

Fart, rus og merksemd

Utvalsleiaren har merka seg at Utrykningspolitiet denne sommaren har eit ekstra fokus på fart, merksemd i trafikken og rus. Det er heilt nødvendig, meiner ho:

- Hald fartsgrensa og tilpass farta til forholda. Ver ekstra forsiktig og ta ikkje sjansar ved forbikøyring. Sjølv om du har ein bil eller motorsykkel med mange hestekrefter og trur at det skal gå bra, så kan det fort komme køyretøy imot, eller ein sving kjem for fort, eller dyr eller folk kjem plutseleg inn på vegen, seier ho.

Statens vegvesen har som eitt av fleire trafikksikkerheitstiltak nyleg oppmoda ferjeselskapa til å sleppe personbilar først av ferjene. Dette for å unngå farlege forbikøyringar.

- Ver tolmodig dersom du hamnar bak ein bubil eller eit vogntog. Ikkje la frustrasjonen ta overhand, seier ho.

Nasjonal dugnad

Ei rekke av landets trafikkaktørar samlar seg bak ein nasjonal dugnad (lenke opnar i ny fane) mot trafikkdøden og har nyleg sett i gang ein kampanje med bodskapen «Følg med i trafikken».

– Vi har ingen å miste. Den dramatiske utviklinga dei siste månadane skal snuast. Sommarmånadane er dessverre vanlegvis svært ulykkesutsette månadar, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland om bakgrunnen for kampanjen.

Dystert første halvår

Etter fleire år med lave ulykkestal, er oppsummeringa etter første halvår i år dyster (lenke opnar i ny fane): Ved utgangen av juni i år hadde 63 personar mista livet i trafikken på norske vegar. På same tid i fjor var talet 31, som betyr meir enn ei dobling i talet på dødsulykker.

Statistikken frå Statens vegvesen viser at for Møre og Romsdal var talet på omkomne i trafikken etter første halvår i år på to personar. Talet på same tid i fjor var ein.

Av dei 63 som har mista livet i trafikken i år, er det 26 registrerte omkomne i møteulykker og 15 i utforkøyringar.

Vegdirektøren: Alle må bidra

Vi må tilbake til 2014 for å finne høgare tal på døde i trafikken etter første halvår. Utviklinga har sidan då gått i rett retning. Vegdirektør Hovland seier at resultata dei siste åra skuldast eit målretta, systematisk og kunnskapsbasert arbeid over tid frå Vegvesenet og andre aktørar.

- Norske trafikantar er generelt gode sjåførar som i all hovudsak følger trafikkreglane. Men tala i år viser at vi må halde fram dette viktige arbeidet. Resultata kjem ikkje av seg sjølv, og alle må bidra. Nullvisjonen er eit viktig mål. Ein person drepen eller hardt skadd i trafikken er ein for mykje, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Kontakt