Ber Staten om meir pengar til bedriftsintern opplæring

Midlar til bedriftsintern opplæring (BIO-ordninga) har vist seg å vere eit godt verkemiddel for bedrifter som vart hardt råka av koronasituasjonen. No ber fylkeskommunen Staten om meir pengar.

Skriv ut

Verknadane av koronaepidemien kombinert med låg oljepris har slått svært negativt ut for delar næringslivet i Møre og Romsdal. Mange bedrifter står i ein krevande omstillingssituasjon og ønskjer å bruke kompetanseheving som verkemiddel. Etter at fylkeskommunen overtok ordninga frå NAV i januar i år, har vi gitt eit samla tilskot på 28,3 mill. kroner fordelt på 57 prosjekt. 

Utfordrande for maritim næring

Det er overvekt av bedrifter knytt til maritim næring som har fått støtte frå BIO-ordninga. Den maritime klynga på Sunnmøre, GCE Blue Maritime Cluster, har søkt om støtte til kurs og kompetanseheving på vegne av bedriftene i klynga. 

-Vi har aldri opplevd slik pågang på kurs og kompetansetiltak som vi har sett denne våren og hausten. Det er tydeleg at bedrifter og dei tilsette ser dette som ein unik moglegheit til å få eit kompetanseløft i ei vanskeleg tid. Over 700 personar har til no deltatt på kursa våre, finansiert gjennom BIO 2-ordninga til fylkeskommunen. Dette er vi veldig nøgde med, seier Frank Støyva Emblem, kommunikasjonssjef ÅKP og GCE Blue Maritime Cluster.

- I haust tilbyr vi blant anna kurs i berekraftige forretningsmodellar, cyber security og digitale kundereiser i havnæringane. Bedriftene er godt nøgde med tilbodet og påmelding er god, seier Emblem. 

Ber Staten om meir pengar

Møre og Romsdal fylkeskommune ser svært alvorleg på situasjonen, spesielt for eksportindustrien og reiselivet. Fylkesutvalet har derfor sendt ein uttale til departementa og til Stortinget der dei ber om at BIO-ordninga blir styrka i Statsbudsjettet 2021. Saka vart behandla i fylkesutvalsmøte 31. august. Du kan lese saka og uttalen her. 
 

Kontakt