Ber Storting og Regjering ta avgjerande grep for fiskerihamnene
Fem fylkeskommunar har sendt eit brev som ber myndigheitene om å gripe inn for å prioritere opp fiskerihamnene i Statsbudsjett for 2020.
- Hamnene utgjer ein svært viktig nærings- og transportinfrastruktur for kystfylka våre.
Dette må nasjonale myndigheiter erkjenne, og derfor står vi saman. Fiskerihamnene er kraftig underbudsjettert i forslaget frå Regjeringa. Vi ønsker eit møte med Samferdselsministeren Dale og Kommunal- og moderniseringsminister Mæland så raskt som mogleg, seier fylkesordføraren.
Fiskerihamner har stor betydning for Kystfylka
Stortinget vedtok i juni 2017 å overføre ansvaret for fiskerihamnene frå statleg til regionalt nivå frå 1. januar 2020. Etter at forslaget til statsbudsjettet for 2020 vart lagt fram står det kun 120,5 mill. kroner til fordeling til regionane: Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Budsjettforslaget frå Regjeringa er ikkje uttrykk for ei reell satsing på fiskerihamner. Forslaget dekker ikkje behovet for at regionane skal kunne bli viktige samfunnsutviklarar eller for at regionane skal kunne overta og forvalte fiskerihamnene på ein god, trygg og sømlaus måte.
Samfunnsutvikling langs kysten – avgjerande for Noreg
Forslaget til Statsbudsjett er betydeleg lågare enn snittramma for Nasjonal transportplan sitt handlingsprogram for Kystverket for åra 2014-17 og for NTP 2018-2029. Beløpet er urealistisk lite til å dekke dei behova som ligg framover på investeringar og vedlikehald, i tillegg til uvissa knytt til klima og miljø.
Vurderinga blir forsterka ved at rammetilskotet som blir overført for 2020 også er dimensjonerande for framtidige rammer. Fiskerihamnene er ei viktig brikke for at sjømatnæringa skal kunne ta ut ressursane i havet, skape store nasjonale eksportinntekter, skape trygge forhold for kystfiskeflåten og sikre busettinga på kysten, i tillegg til å vere ein del av transportsystemet frå kyst til marknad.
Behov for raske avklaringar og dialog med Regjeringa
I brev frå Samferdselsdepartementet til Finnmark fylkeskommune av 25.oktober blir det oppyst at om at våre fylke heller ikkje vil få avklart budsjettbeløp eller overført økonomiske rammer for fiskerihamnansvaret før i revidert statsbudsjett for 2020 og det under føresetnad av at avtalen er signert innan utgangen av februar 2020. Dette skaper ein helt uuthaldeleg situasjon.
Dersom fylkeskommunane som regional utviklingsaktør skal kunne ta ansvaret for utviklinga i viktige sentrale hamner og for næringslivet si utvikling, må rammetilskotet kome ved årsskiftet, og budsjettet må aukast betydeleg.
Regionane ønsker derfor å komme i dialog med myndigheitene om økonomiske rammer og moglegheitene for framtidig kontrakt. Våre fem fylke ber om eit møte med Samferdselsministeren og Kommunal- og moderniseringsministeren om dette så snart det er praktisk mogleg og innan midten av desember i år.