Bergljot Landstad skal delta i regjeringsoppnevnt utval

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad blei i statsråd fredag oppnemnt til eit offentleg utval om næringslivet si betydning for levande og berekraftige lokalsamfunn

Skriv ut

Utvalet skal kartlegge og vurdere moglegheiter og  hindringar for å utvikle lønsam næringsverksemd i distrikta og beskrive kva som er god nasjonal, regional og lokal næringspolitikk. Møre og Romsdal er einaste fylkeskommunen som er representert i utvalet.

- Dette arbeidet ser eg fram til, seier Bergljot Landstad. Eit velfungerande næringsliv er fundamentet for velferdssamfunnet og for levande distrikt.  Det er viktige problemstillingar utvalet skal arbeide med og gje tilrådingar til regjeringa på.

- Møre og Romsdal har eit sterkt eksportretta næringsliv og  mangfald over heile fylket, med både lokalt eigarskap og utanlandske eigarar, med omstillingsevne og gründerskap.  Erfaring frå vårt fylke er nyttig når vi skal vurdere kva som er god næringspolitikk og kva som fremmer og hemmer lønsam næringsverksemd i distrikta, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.

Det nye utvalet er eit initiativ frå næringsministeren og kommunal- og moderniseringsministeren. Det er Svein Richard Brandtzæg, tidlegare konsernsjef i Hydro,  som skal leie utvalet.

Snarvegar

Kontakt