Betre tilbod for trafikantane mellom Tustna og Kristiansund

Om ferjene i sambandet Seivika-Tømmervåg ikkje går skal det gå skyssbåt mellom Tømmervåg og Kristiansund sentrum.

Skriv ut

Sidan nyttår har dei to første rundturane og den siste rundturen i ferjesambandet Seivika-Tømmervåg vore innstilt. Møre og Romsdal fylkeskommune skal tilpasse kaiene til nye ferjer og det går ikkje an å drive med peling og boring når det er trafikk i sambandet.

Trafikantane har vore prioritert

- Det er eit svært krevjande prosjekt å gjennomføre med trafikk i sambandet. Vi har prioritert trafikantane høgt. Det betyr at vi ikkje gjennomfører prosjektet på den mest effektive måten, men slik at vi kan ha færrast mogleg innstilte avgangar og likevel få jobben gjort, seier prosjektleiar Arild Vikan i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Når det er sterk vind og sørvestleg vindretning er det ikkje mogleg å jobbe på kaia. I tillegg har det vore stort sprik mellom vindstyrken som har vore meldt og den reelle vindstyrken. Det har gitt vanskar med å gjere tilbodet til trafikantane føreseieleg. Fleire netter har entreprenøren forsøkt å plassere arbeidslekteren, men måtte gi opp på grunn av vind.

Enten skyssbåt eller ferje

Hovudregelen for trafikantane er at avgangane blir innstilte og det blir jobba på kaia. Da blir det satt inn skyssbåt mellom Tømmervågen og Kristiansund. Båten har kapasitet til 12 passasjerar og vil starte å gå måndag 20. januar. Båten går mellom Sørnes Marine og Industri (Tømmervåg) og Kristiansund sentrum (enten piren eller hurtigbåtterminalen). 

Ferjene skal gå som normalt om vêr eller vêrmeldingar gjer at arbeidet på kaia blir stoppa.

- Det blir varsla gjennom varslingstenestene til Fjord1, som folk kan melde seg på via nettsidene deira. Vi skal forsøke å gjere det føreseieleg, men i nokre tilfelle kan informasjonen kome på kort varsel, seier prosjektleiar Arild Vikan.

Arbeidet som fører til innstilte ferjeavgangar skal vare ut februar månad.

Rutetidene finn du på FRAM si nettside: frammr.no

Bestillingsrute

Avgangen frå Tømmervåg måndag-fredag 04:50 går berre på bestilling frå måndag 27. januar. Dei reisande må sjølv bestille båten seinast klokka 2300 dagen før dei skal reise.

Skyssbåten kan anløpe Rensvik marina. Da er det fem minutt med taxi til Kvernberget lufthamn. Stopp her må også bestillast av trafikanten seinast ein time før avgang.

Telefonnummer for bestilling: 908 93 846

Varslingstenesta til Fjord1: https://www.fjord1.no/Trafikkmeldingar/Motta-SMS-med-trafikkmeldingar 

 

Kontakt