Betre tilbod i fire ferjesamband

Samferdselsutvalet har vedtatt at tilskotet frå staten på 5,273 mill. kr til el-ferjer skal gå til fleire avgangar i fire ferjesamband i Møre og Romsdal i 2021.

Skriv ut

Sidan løyvinga er retta mot elferjedrift blir tilskotet brukt til å reversere kutt i rutetilbodet i ferjesamband som har eller får miljøferjer. Trafikkmengd, trafikksamansetning og samfunnsnytte er også lagt til grunn for vurderinga.

Tilskotet frå staten gjeld berre for 2021.

Samferdselsutvalet har vedtatt auka tilbod i desse sambanda:

Rute 02 Årvika-KoparnesetAvgang frå Årvika kl. 23.30 og frå Kopnarneset kl. 23.45 blir sett i trafikk igjen frå måndag 8. mars. Det fører til ei justering på rutetidene i siste avgang i ferjesambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya. Nye rutetider i sambanda blir lagt på frammr.no og i FRAM-appen.

Rute 06 Hareid-SulesundC-ferja blir sett inn igjen seks veker i sommar.

Rute 31 Aukra-HollingsholmenAvgang frå Hollingsholmen 13.15 og Aukra 13.30 er allereie satt i trafikk igjen.Rute 36 Sølsnes-ÅfarnesForlenga periode med to ferjer på laurdagar og søndagar i sambandet frå 3 månader til 8 månader i 2021.

RuteFerjesambandKostnad
02Årvika - Koparneset650 000
06Hareid - Sulesund2 100 000
31Aukra- Hollingsholm200 000
36Sølsnes - Åfarnes2 323 000
 Totalsum 

 

Kontakt