Bidrar med pengar til flyktningkrisa i Ukraina

Møre og Romsdal fylkeskommune bidrar med økonomisk støtte i samband med flyktningkrisa i Ukraina.

Skriv ut

Fylkeskommunedirektøren har allereie løyva inntil 350.000 kroner til dekning av utgifter for den humanitære innsatsen frå tilsette ved yrkessjåførutdanninga ved Kristiansund videregående skole. Skolen skal i samarbeid med Respons Norway og Kvite Bussar bidra med buss/vogntog for transport av flyktningar/hjelpesendingar. Eit av måla er å profesjonalisere evakueringa av flyktningar og at dette skjer på dei premissane norske myndigheiter legg til grunn.

Fylkeskommunedirektøren har grunna behov for rask avklaring gått inn for sjølv å dekke kostnadane til Kristiansund videregående skole. Til møtet i fylkesutvalet måndag 4. april foreslår han likevel at skolen får dekt sine kostnader av fylkesutvalet sin reservepost.

Fylkeskommunedirektøren foreslår også, av den same reserveposten, å løyve 200.000 kroner i økonomisk støtte til Stiftelsen Flyktninghjelpen. Flyktninghjelpen har lansert sin naudhjelpsplan for arbeidet i Ukraina og nabolanda dei neste seks månadene, og har som mål å nå ut med hjelp til 800 000 personar.

Løyvingane til naudhjelpsarbeidet for flyktningane frå Ukraina blir behandla av fylkesutvalet måndag 4. april.

Snarvegar

Kontakt