Bilmekanikar Otilie kåra til Årets lærling 2019

Otilie Løckra frå Ålesund har fagbrev i bilfaget og blir omtalt som ein svært dyktig og kreativ problemløysar.

Skriv ut

12. februar får Årets lærling, Otilie Løckra, overrekt diplom, heider og ære og prisen på kr.10 000,-.

I følge juryen har ho god kompetanse i faget og er effektiv og nøyen.

- Ho har vist stor kreativitet i val av løysningar og god orden på dei arbeidsoppgåvene ho har gjennomført. Ho er ein dyktig problemløysar både som fagarbeidar og i kommunikasjonen ho har med kundane, heiter det i uttalen.

Sjølv vart Otilie svært overraska over kåringa.

- Det var heilt uventa og veldig stas. Det er jo så mange å velge i mellom, og eg ser det som eit privilegium at dei valde meg, seier ho.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak kåringa.

Gode skussmål

Otilie  har gått vg1 teknikk og industriell produksjon og vg2 bilfaget, lette kjøretøy ved Borgund vidaregåande skole. Læretida si har ho hatt gjennom Opplæringskontoret for bilfag på Sunnmøre i deira medlemsbedrift Ålesund Bil AS, der Idar Leira er fagleg leiar.

Årets lærling får svært gode skussmål både frå sensorane og lærebedrifta. Ho leverte ein særdeles god fagprøve, som er ein praktisk eksamen for å avgjere om lærlingen fyller krava for å bli fagarbeidar eller svein.

I fagprøven blir kandidaten prøvd i planlegging av arbeidet og grunngiving av valde løysningar, gjennomføring av fagleg arbeid, vurdering og dokumentasjon av eige prøvearbeid.

Utradisjonelt

Juryen ser det også som positivt at Otilie vart tilsett i bedrifta etter fagbrevet, sidan målet med fagopplæring er kvalifisering til arbeid. I år har dessutan juryen slått eit slag for likestilling:

- Likestilling i vidaregåande opplæring og i arbeidslivet er tiltak som er med på å auke statusen for yrkesfaga. Vi set pris på at ungdom vel utradisjonelt. Otilie Løckra er ei av dei som tok eit slikt val innan tekniske yrkesfag, uttalar juryen.

I 2019 var det avlagt 1638 fag-/sveineprøver. 30 % av kandidatane fekk karakteren Bestått meget godt, og av desse vart 11 nominert til Årets lærling 2019.

Det er prøvenemnder, lærebedrifter og opplæringskontor som melder inn forslag til Årets lærling.

Diplom og pris vil bli overrekt 12. februar på samling for 2.års lærlingar ved Scandic Parken Hotell i Ålesund.

Kontakt