Biltrafikken på ferjene auka i mars

Køyretøytrafikken på fylkesvegferjene i Møre og Romsdal var i mars i år 14 prosent høgare enn same månad i fjor.

Skriv ut

Tal køyretøy etter første kvartal er sju prosent høgare enn etter første kvartal i fjor.

Tal mars månad

I mars 2022 er det desse sambanda som har størst prosentvis auke i tal køyretøy samanlikna med same månad i fjor:

  • Sykkylven-Magerholm: + 21,8 %
  • Kvanne-Rykkjem: +21,4 %
  • Standal-Trandal-Sæbø-Skår: + 19,9 %
  • Hareid-Sulesund: + 19,5 %

To samband har nedgang: Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona med minus 7,0 %, og Arasvika – Hennset med minus 2,8 %.

Tal første kvartal

Når vi samanliknar samla tal køyretøy i første kvartal med første kvartal i fjor, er det desse sambanda som har størst auke:

  • Sæbø-Leknes: + 13,9 %
  • Festøya-Hundeidvika: + 13,6 %
  • Kvanne-Rykkjem: + 11,0 %
  • Hareid-Sulesund: + 10,1 %
  • Standal-Trandal-Sæbø-Skår: + 10,1 %

Dei fem største sambanda i fylket har i første kvartal hatt denne utviklinga:

  • Aukra-Hollingsholmen: + 5,0 %
  • Hareid-Sulesund: + 10,1 %
  • Seivika-Tømmervåg: + 5,6 %
  • Sykkylven-Magerholm: + 8,4 %
  • Åfarnes-Sølsnes: + 4,0 %

Problem med overgangen til elektriske ferjer har på nokre av sambanda ført til litt færre avgangar, og dermed også mindre trafikk.

Før og etter korona

Dersom vi måler første kvartal 2022 med første kvartal 2019 (Noreg blei stengd ned 12. mars 2019), så er det berre tre samband som har høgare trafikk i 2022.

Edøya-Sandvika har størst auke med ein vekst i trafikken på 4,9 %.

Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona er sambandet med størst nedgang i perioden med - 28,6 %. Det har i første kvartal vore store utfordringar i samband med motorskifte på bilferja Kvaløy.

96 prosent av 2019-trafikken

Ferjetrafikken for heile 2021 målt i tal køyretøy nådde 96 prosent av tal køyretøy i 2019. I dei tre første månadene i år er trafikken samla sett 94 prosent av 2019-gjennomsnittet.

PS: Påska var i 2021 i uke 13, som var deler av mars og inn i april. I år var påska i uke 15, og heile påska var i april månad.

 

Tal køyretøy i mars

Samband

mar.22

Ift. mar. ’21

Ift. mar. ’19

Arasvika - Hennset

2 515

-2,8 %

-1,1 %

Aukra - Hollingsholmen

31 243

12,6 %

4,6 %

Brattvåg - Dryna - Fjørtofta - Harøya

10 966

8,6 %

-0,4 %

Edøya - Sandvika

9 222

8,0 %

14,3 %

Eidsdal - Linge

9 655

15,9 %

4,0 %

Festøya - Hundeidvika

2 022

16,2 %

-18,9 %

Geiranger - Hellesylt

427

 

 

Hareid - Sulesund

66 215

19,5 %

-3,2 %

Kvanne - Rykkjem

12 959

21,4 %

1,5 %

Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya

5 452

8,2 %

10,4 %

Molde - Sekken

1 165

13,5 %

-0,7 %

Seivika - Tømmervåg

20 947

7,4 %

4,3 %

Småge - Orta - Finnøya - Sandøya - Ona

1 162

-7,0 %

-21,5 %

Solholmen - Mordalsvågen

15 886

9,4 %

5,1 %

Standal - Trandal - Sæbø - Skår

289

19,9 %

 

Stranda - Liabygda

12 673

1,8 %

-3,0 %

Sykkylven - Magerholm

74 207

21,8 %

2,6 %

Sæbø - Leknes

2 614

0,7 %

 

Volda - Lauvstad

8 935

13,1 %

-4,6 %

Åfarnes - Sølsnes

31 762

6,1 %

5,0 %

Årvika - Koparneset

14 339

13,5 %

-3,8 %

Møre og Romsdal, alle fylkesvegsamband

334 655

14,2 %

2,3 %

 

 

 

 

Tal køyretøy første kvartal

 

 

 

Samband

Jan-mar ’22

Ift jan-mar ’21

Ift jan-mar ’19

Arasvika - Hennset

6 386

-4,9 %

-6,4 %

Aukra - Hollingsholmen

80 884

5,0 %

-4,0 %

Brattvåg - Dryna - Fjørtofta - Harøya

27 886

0,3 %

-5,7 %

Edøya - Sandvika

22 929

5,1 %

4,9 %

Eidsdal - Linge

23 259

7,1 %

0,6 %

Festøya - Hundeidvika

5 100

13,6 %

-27,3 %

Geiranger - Hellesylt

1 206

 

 

Hareid - Sulesund

168 485

10,1 %

-11,2 %

Kvanne - Rykkjem

32 184

11,0 %

-5,8 %

Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya

14 084

8,8 %

2,7 %

Molde - Sekken

2 835

-2,8 %

-16,7 %

Seivika - Tømmervåg

53 265

5,6 %

-4,3 %

Småge - Orta - Finnøya - Sandøya - Ona

2 890

-12,6 %

-28,6 %

Solholmen - Mordalsvågen

39 994

4,6 %

-6,1 %

Standal - Trandal - Sæbø - Skår

544

10,1 %

 

Stranda - Liabygda

32 993

3,0 %

-4,0 %

Sykkylven - Magerholm

193 952

8,4 %

-6,2 %

Sæbø - Leknes

7 034

13,9 %

 

Volda - Lauvstad

23 951

9,1 %

-10,1 %

Åfarnes - Sølsnes

82 753

4,0 %

-1,4 %

Årvika - Koparneset

36 848

6,5 %

-13,7 %

Møre og Romsdal, alle fylkesvegsamband

859 462

7,0 %

-5,6 %

 

Tala i tabellane tar utgangspunkt i samanliknbare ruter, som betyr at samband som er lagt ned (Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya) ikkje er med i oversikta.

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.

Kontakt