Birthe, Gaute og Idrettslaget Braatt får idrettsstipend

Kultur og folkehelseutvalet vedtok i går å tildele idrettsstipend for 2019 til Birthe Franck-Petersen (18 år) frå Ålesund Friidrett og Gaute Skar-Hovde (16) frå Molde Bowlingklubb. Idrettslaget Braatt frå Kristiansund fekk tildelt klubbstipend.

Skriv ut

-Idrettsstipendet vart første gong delt ut i 2017, og er ei ordning som skal vere med å gje utøvarar og klubbar moglegheit til å utvikle seg vidare og halde fram satsinga si. Det er derfor veldig kjekt å kunne dele ut stipend til to talentfulle ungdomar og til ein aktiv klubb, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Totalt fem mottakarar

Stipenda som går til utøvarane er på 40 000 kroner til kvar, og skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg utøvar i alderen 15-22 år. Samstundes blir moderklubben påskjønna med 10 000 kroner. Moderklubben til Birthe er Ålesund Friidrett, og moderklubben til Gaute er Haram Bowlingsklubb. I tillegg ønsker utvalet å støtte opp om klubbar som viser eit høgt aktivitetsnivå og god drift med eit stipend på 50.000 kroner.

-Målet med ordninga er å gje inspirasjon og motivasjon til unge utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare. Samtidig ønsker ein også å behalde utøvarane så lenge som mogleg i fylket, fortel Krogsæter. 

Birthe er eit stort talent innan kast i friidrett. Ho har gode nasjonale resultat og deltatt på U18 EM. Ho er på rekrutteringslandslaget og har som mål VM U20 i 2020 i Kenya. Gaute er ein seriøs utøvar av bowling. Han jobbar målbevist om å bli tatt ut på juniorlandslaget. Av resultat så langt har han blant anna 1.plass yngre gutar i NM Jr i 2019. - Begge to er gode og verdige mottakarar av fylkeskommunen sitt idrettstipend, understreker Krogsæter.

IL Braatt er ein aktiv klubb som driv godt med både bredde og toppidrett. Dei har 6 idrettar og har i dei siste åra sett moglegheitene i nye aktivitetar med den nye ishallen i Kristiansund. – Vi er nøgd med at klubbar ser potensiale i anlegg som blir bygd og startar nye aktivitetar, seier Krogsæter.

Idrettsstipend 2019 er tildelt slik:

Kvinneleg utøvarSum
Birthe Franck-Petersen, friidrett40 000 kr
Ålesund friidrett, moderklubben til Birthe10 000 kr
Mannleg utøvarSum
Gaute Skar-Hovde, bowling40 000kr
Haram bowlingklubb, moderklubben til Gaute10 000 kr
Klubbstipend 
Idrettslaget Braatt, Kristiansund50 000 kr

 

Vurdering

Møre og Romsdal idrettskrets har vore sentral samarbeidspart for fylkeskommune i vurderinga av søknadane. I samsvar med statuttane er det lagt særleg vekt på følgande i vurderinga for utøvarar:
- Utøvarens prestasjonar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt det siste året
- Utøvarens utviklingsmoglegheiter
- Dokumentasjon på gjennomført «ren utøver» kurs frå Antidoping Norge.

For klubbar er følgande vektlagt:
-Klubben viser til god drift og høgt aktivitetsnivå
-Klubben kan vise til gode resultat regionalt, nasjonalt eller internasjonalt det siste året
-Dokumentasjon på gjennomført «rent idrettslag» frå Antidoping Norge.

Stipenda blir delt ut på Idrettsgallaen til Møre og Romsdals idrettskrets 2. november.

Kontakt