Birthe, Gaute og Idrettslaget Braatt fekk utdelt Idrettsstipend på idrettsgallaen

Fylkeskommunen gratulerer Møre og Romsdal idrettskrets med god drift i 100 år. Dette vart feiret i helga med stor idrettsgalla. På gallaen delte fylkeskommunen ut  idrettsstipenda sine for 2019.

Skriv ut

To unge talentfulle utøverar, Birthe Franck-Petersen (18 år) frå Ålesund Friidrett og Gaute Skar-Hovde (16) frå Molde Bowlingklubb fikk dei individuelle stipenda på 40 000 kroner . Moderklubbane deira Ålesund Friidrett ved Karin Sæter Hånes og Haram bowlingklubb ved Tom Skar, fekk også 10 000 kroner.

Idrettslaget Braatt frå Kristiansund ved Silje Hagen og Krister Bergstad, fekk tildelt klubbstipend på 50 000 kroner .

Stipenda vart delt ut av Line Hatmosø Hoem, medlem av kultur-, næring- og folkehelseutvalget, og fylkeskultursjef Heidi-Irene Wedlog Olsen.