Bli med og påverke flytilbodet i Sør-Noreg

No kan du som innbyggar i Møre og Romsdal vere med og påverke flyrutetilbodet i Sør-Noreg generelt, og Ørsta/Volda lufthamn Hovden spesielt.

Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune er høyringsinstans når Samferdselsdepartementet formar ut ein ny konkurranse for regionale ruteflygingar i Sør-Noreg og Nord-Noreg frå 1. april 2024. Det gjeld blant anna rutene Ørsta/Volda-Oslo og Ørsta/Volda-Bergen. Til og med 31. mars 2024 blir begge desse rutene drifta av Widerøe AS.

No blir kommunar og andre invitert til å kome med innspel i prosessen.

- Det er viktig for fylkeskommunen å få innspel frå brukarar av flytilbodet til og frå Hovden, og vi håpar at dei kan gi oss ei rask tilbakemelding på dette. Dette er ein gylden moglegheit for at innbyggarane kan påverke rutetilbodet, seier samferdselsdirektør Arild Fuglseth.

I ei innbyding til konkurranse for drift av regionale ruteflygingar bli det normalt spesifisert ei rekke minstekrav knytt til kapasitet, flymateriell, ruteopplegg og prisfastsetjing som tilbydarane må innfri. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om innspel frå kommunar og andre aktørar innan 19. mai 2022.