Bli med på digitale samlingar: 23 ting om å formidle på nett

Nettkurset 23 ting om å formidle på nett, blei lansert i februar 2021 på bibliotekutvikling.no. Her blir du kjent med rammeverk, ulike teknologiar og framgangsmåtar for å nå ut til publikum på digitale plattformer.

Skriv ut

No arrangerer ABM - seksjon for Arkiv, bibliotek og museum kurs for bibliotektilsette som ønsker å bli betre på digital formidling. Gjennom fem samlingar vil vi i samarbeid med Viken fylkesbibliotek presentere dei forskjellige modulane i nettkurset. Ressurspersonar frå ulike fagmiljø vil dele erfaringar og tips for å gjere bibliotektilsette til betre formidlarar på nett. Datoane er 16. mars, 23. mars, 13. april, 20. april og 27. april.

Målet med kurset

  • Tilby innbyggarane betre digital formidling av bibliotekets tenester og tilbod.
  • Utforske og lære om rammeverk som lover, universell utforming og kva god digital formidling er.
  • Bli venn med teknologien og bli kjent med ulike eksemplar på digital formidling.
  • Få erfaring og kunnskap om korleis man treffer målgrupper.
  • Motivere til å ta i bruk nye formidlingsmetoder.

Bruk snarvegen under for å melde deg på:

Snarvegar

Kontakt