Bli med på Innovasjonsfestivalen 2021
Blir du inspirert av innovasjonar og gode historier om bedrifter som har lykkast ved å gjere ting på nye måtar? Eller er du interessert i det nye som skjer på tema som by- og tettstad, hydrogen, bygg, helse eller tekstil?
Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes blir sparka i gang 9. november med eit opningsarrangement på spektakulære Eggen restaurant på toppen av Romsdalsgondolen. Dei to påfølgande dagane blir det eit variert program med tema som er relevante uavhengig av bransje og fagfelt. Her får du innsikt i kva metodar bedrifter og entreprenørar som lykkast i det grøne skiftet brukar, enten det er snakk om finansiering, utvikling, nye marknadar eller merkevarebygging. Her vil du også kunne møte gründerar frå heile fylket og alle som på ulike måtar kan tilby gründerhjelp.
Billettsalet er i gang, les programmet og melde deg på.
Det er utviklingsselskapet Nordveggen AS i Rauma som er initiativtakar til Innovasjonsfestivalen. Møre og Romsdal fylkeskommune er medspelar saman med ei rekke andre organisasjonar og har blant anna bidratt til programpostar om attraktivitet i byar og tettstadar og heildagsseminar om hydrogen.
Les også saka: Heile verdikjeda for hydrogen skal til toppen