Bli med på sjøplankonferansen: Kven vinn kampen om sjøareala?
Kven skal bruke sjøareala våre? Oppdrettarane eller fiskarane? Friluftsfolket? Det er kommunen som legg føringane, men skal dei verne eller legge til rette for næringsutvikling? Desse spørsmåla - og fleire - blir diskutert på Sjøplankonferansen i Ålesund 24.-25. oktober.
- På konferansen ser vi nærare på kva som står på spel: vårt viktigaste økosystem, grunnlaget for kystkommunane og dei største eksportnæringane. Vi går i dybden på aktuelle problemstillingar og gir deg verktøy til å utføre arbeidet ditt, seier Hilde Aspås, næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det handlar om å ta berekraftige val for framtida.
– Eit mål er også å få ny kunnskap om sjøareala våre. Om kunnskapen er god, kan vi ta kloke val på vegne av naturen ved kysten og i havet. Vala vi tar vil vere svært viktige for framtidige generasjonar, seier Aspås.
Kontroversar langs kysten
Målet med konferansen er å heve kompetansen, kunnskapsnivået og dele erfaringar til dei som jobbar med planlegging av kystareala. Programmet er aktuelt for alle som har interesser i sjøområda, og særleg aktuelt for kommunar som er lokal planmyndigheit.
Mest kontroversielt og aktuelt er kanskje temaet torskeoppdrett.
- Torskeoppdrett har skapt kontroversar i kommunar langs kysten og stort engasjement frå fleire hald, og på konferansen får vi høyre torskeoppdrettarane si side. Dei treng lokalitetar, utan det må dei pakke i saman. Korleis kan vi kome dei i møte og samtidig ta vare på villtorsken vår, spør Aspås.
Ingrid Wang Larsen, frå Holt og Winge tar for seg Naturavtalen, vedtatt i FN i Montreal, og korleis den skal bli ratifisert i norsk politikk.
- Naturavtalen er ein internasjonal avtale for å redde og bevare natur- og biomangfaldet i verda, og vi må, som alle andre nasjonar, ta den inn over oss. Kva vil det bety kommunane, spør Aspås.
Eit anna tema er skjeringspunktet mellom sektorregelverk og plan, som også kommunane møter. I innlegget sitt spør Marianne Bøe frå BøeHareide om alt kan bli vedtatt i planverket, og kva som då er vitsen med sektorregelverket.
Smaken av Møre og Romsdal
Konferansen byr også på Smaken av Møre og Romsdal, gode møteplassar og underhaldning med Bjørn Tomren.
Påmeldingsfrist er 23. september.
Påmelding og detaljert program finn du her.
Fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer i fellesskap til konferansen.