Bli med på tidsreise til Møre og Romsdal i vikingtida

No kan du oppleve korleis det var her i vikingtida og i mellomalderen. Eit minimuseum med digital framstilling av Veøya skal turnere mellom biblioteka i sommar. Først ut er Vestnes.

Skriv ut

Tar du turen innom biblioteket i Vestnes, Fjord, Molde, Rauma og Ålesund i sommar, kan du få oppleve korleis handelsstaden på Veøya i Romsdalsfjorden kan ha sett ut seint på 900-talet og tidleg på 1000-talet. Via nettbrett kan du mellom anna gå inn i Kongens hall, studere eit naust eller eit hus, eller utforske ei kyrkje frå mellomalderen.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune og Tidvis Utvikling AS som står bak utviklinga av minimuseet, som blant anna inneheld ei digital framstilling av Veøya.

- Ved å kombinere kulturhistorisk forsking med nye digitale verktøy har vi forsøkt å framstille Ein bit av historia, slik det var i mellomalderen i fylket. På denne måten kan vi nå ut til eit publikum som vanlegvis ikkje får tilgang til denne kunnskapen, seier prosjektleiar Torgeir Brun i fylkeskommunen.

Tidsmaskin

Utstillinga tar utgangspunkt i handelsstaden på Veøya, slik den vaks fram på 900-talet, rundt ein av dei første kjente kyrkjene i Noreg. Om sommaren kan det ha budd meir enn 300 menneske på øya.  

- Vi veit ikkje nøyaktig korleis det såg ut her, men basert på det vi veit, har vi laga ei digital framstilling av bygardar, verkstader og lagerbygningar. Og sjølv om vi tar utgangspunkt i Veøya, viser dette like mykje korleis livet var i Møre og Romsdal på denne tida, seier prosjektkoordinator Hildegunn Haanes Ruset.

Minimuseet har både digitale og fysiske element, med naturmaterialar og 3D-printa modellar av hus og landskap. I tillegg blir historia formidla på tekst og med stemme.

  • Den digitale opplevinga er også tilgjengeleg for strøyming på nett. Her kan du utforske Veøya i 360 grader, vandre i handelsstaden og lære om ulike bygg og korleis folk levde der. Ein  variant kor du kan vandre fritt, som eit dataspel, kan lastast ned frå nett.
  • Romsdalsmuseet arbeider med å utvikle ei tidsmaskin på museet, basert på den digitale framstillinga. Tidsmaskina blir som eit rom du går inn i der du blir en del av den digitale opplevinga.  Frem til denne står klar kan du oppleve Veøy i mindre skala i museet.
  • Med utgangspunkt i den digitale opplevinga kan du prøve deg som skaldelærling i spelet Brageskål. I spelet tar du eigne val om korleis historia skal utvikle seg. Overlever du vikingtida?
  • Eit tilsvarande digitalt univers er òg laga frå Edøy og Kulisteinen på Smøla.

Turneplan

TidBibliotek
9.–23. juni

Vestnes folkebibliotek

28. juni–10. juli

Rauma folkebibliotek

13.–25. juli

Molde bibliotek

28. juli–11. august

Ålesund bibliotek

16.–28. august

Fjord bibliotek

 

Utstillinga om Veøy  er eit produkt av prosjektet “Ein bit av historia”. Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og regionalt forskingsfond og er organisert som eit FoU-samarbeid mellom fylkeskommunen, NTNU Vitenskapsmuseet, NIKU – Norsk institutt for kulturminneforskning, Kulturtanken, Nordmøre museum, Romsdalsmuseet, Smøla kommune, Fortidsminneforeningen og Tidvis Utvikling AS.

Snarvegar

Kontakt