Bør det bli produsert hydrogen på Smøla?

I følge ein fersk analyse utført av Endrava AS vert det konkludert med at det kan bli lønsamt med hydrogenproduksjon på Smøla med eit produksjonsvolum på over 1049 kg H2/døgn. 

Skriv ut

-Dette er svært interessant i eit næringsutviklingsperspektiv, seier regional- og næringssjef i Møre og Romsdal, Bergljot Landstad.

Analysen er gjennomført i samband med Interreg prosjektet G-PaTRA (Green Passenger Transport in Rural areas)  der Møre og Romsdal fylkeskommune er med saman med sju andre land. Smøla vart valgt ut som case i frå Norge og rapporten er laga på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet er finansiert over Interreg Nordsjøprogrammet. 

Dette er nokre av konklusjonane i rapporten: 

  • Det er teknisk mogleg og kan bli økonomisk lønsamt å produsere hydrogen på Smøla, der primærbruken er «Fremtidens hurtigbåt» med testcase mellom Kristiansund og Trondheim. Trøndelag fylkeskommune driv prosessen med hurtigbåten. 
  • Prosjektet på Smøla er viktig for næringsutvikling og nullutsleppstransport i distriktet, og for bidrag til framtidas berekraftige transportsystem
  • Produksjonskostnaden vil vere konkurransedyktig, avhengig av konsept A eller B (sjå eige punkt) 
  • Kan også fylle bussar og på sikt tilby hydrogen til andre applikasjonar, også utanfor Smøla.
  • Analyser viser at fylling på Edøya og i Trondheim gir nok drivstoff for heile ruta slik som ho er i dag, inkludert sikkerheitsmargin. 
  • Dette vil vere ei fleksibel løysning, og fylling på Edøya kan optimaliserast ved å fylle utanom rushtida. 

-Det er stor etterspørsel etter berekraftige transportsystem. Teknologien fins, men lønsamheit er ei utfordring, særleg i distrikta. I følge rapporten vil hydrogenproduksjon på Smøla svare på denne utfordringa, seier Landstad. 

- Hydrogenproduksjon på Smøla vil også være eit viktig bidrag for å utnytte kraft frå den lokale vindparken. Hydrogen blir da produsert med fornybar energi og tilsvarande låge klimagassutslepp, seier Energirådgivar Lina Vassdal. 

Konkurransedyktig pris

Produksjonskostnaden på hydrogen frå Smøla vil ligge imellom 27 NOK /kgH2 (case B – Større produksjon ved Vikan industripark) og 47,3 NOK /kgH2 (Case A – Produksjon ved Edøy kun til hurtigbåten), avhengig av konsept. Pumpepris i dag er 72 NOK/kg H2(ex VAT).  Produksjonskostnaden på Smøla kan også konkurrere med dagens dieselpris. Jo høgare produksjon av hydrogen, jo lågare pris. Sal av biprodukta oksygen og varme vil påverke prisen. Oksygen er ettertrakta i havbruksnæringa, noko det er mykje av på Smøla. Varme kan brukast i nærområda til Vikan industripark.

Aktuell plassering av produksjon

Figuren 10 i rapporten viser dei to alternative plasseringane for produksjon og distribusjon av hydrogen. Case B på Vikan kjem særs godt ut samanlikna med tilsvarande prosjekt i Noreg

Aktuell plassering av hydrogenfyllestasjonar

Rapporten viser mogleg plassering av fyllestasjonar med hydrogen frå Smøla i Møre og Romsdal. Talet kan aukast med lik avstand til Trøndelag.

Framtidas hurtigbåt

Trøndelag fylkeskommune arbeider med å greie ut løysing for Framtidas hurtigbåt. Om det i framtida skal gå fylkeskryssande hurtigbåt mellom Kristiansund og Trondheim, vil hydrogenproduksjon på Smøla kunne svare på utfordringane med fylling. 

Dokumenter

Kontakt